Gav bort sigeren i sluttminuttane



Osterøy sitt stoppar-par, Andreas Kollvangsnes (t.v) og Eirik Øvsthus, spelte begge ein god kamp søndag. Begger markerte seg med høvesvis verdens klaraste gule kort og skåring. Desverre ikkje nok til å sikre siger i seriepremieren

Arna-Bjørnar 2 skåra det første målet, men det var Osterøy som til slutt enda med å gi bort sigeren i seriepremieren i 5. divisjon på Garnes søndag kveld. 1-3 var stillinga i det 85.minutt. Fem hektiske minuttar seinare var forskjellen utjamna. Kampen enda med poengdeling og 3-3 i målprotokollen.

-Ein spelemessig rotete kamp frå vår side, oppsummerer Vidar Rosnes etter kampslutt. -Me treff dårleg med pasningsspelet vårt og er upresise i det meste me gjer. Likevel; når me leiar kampen med 2 mål når det står at fem minuttar, skal me klara å ro dette i land. Då blir dette eit skuffande resultat for oss, sluttar han.

 

Første omgang var ikkje noko for historiebøkene. Osterøy prøvde å spele fotball, men avleveringane var alt for dårleg. Det var sjeldan meir enn et par trekk før feilpasningen kom. Det vart difor heller ikkje produsert særleg med sjansar. Arna Bjørnar på si side kombinert fint på si høgre side ved ein par anledningar, og kunne ha skåra et par mål innan halvtimen var spelt om avslutningane hadde vore betre.

Ørjan Bysheim var tilbake for fullt etter nesten to sesongar på sidelinja. Han teikna seg på skåringslista med eit kjempeskot minuttar før pause.

Etter vel 40 minutt kom imidlertid skåringa. Mathias Riple i Osterøy buret strekte seg så lang han var, men nådde ikkje fram.  Det såg då ut som om Arna Bjørnar skulle gå til pause med ei ikkje ufortent 1-0 leiing, men ein gamal ringrev i gult og grønt ville det anleis. Ørjan Bysheim har vore meir eller mindre ute med skade sidan serieopninga for to år sidan. I det siste har han fått trent bra, og berre to minuttar etter at AB tok leiinga lada han høgrefoten og viste kvifor han har vore sårt sakna i Osterøy-leiren. Ballen fyk i nota frå hjørnet av 16-meteren og laga går av bana til pause – like langt.

Etter pause tok spelet seg opp noko for Osterøy sin del. Etter 8 minuttar får dei gul/grøne corner frå høgre. Innsvingaren frå Kim Solberg vert skalla i mål av Eirik Øvsthus til stor jubel på Osterøy-benken.

I denne perioden av kampen har Osterøy relativt god kontroll. Det er få sjangsar framføre begge mål, og mykje av spelet foregår på midten. Omlag midtvegs i andre omgang får Osterøy frispark på hjørnet av 16-meteren til Arna Bjørnar. Kim Solber slår ein hard, flat ball forbi muren og inn framfor mål. Thomas Langeland og Eirik Øvsthus hoppar begge over ballen, som snik seg inn nede med stolperota. 1-3 og sigeren er vel no i hamn?

Det ville seg ikkje slik. Arna Bjørnar starta no et kjør mot Osterøy-målet, og dei gul/grøne sleit med å halda formasjonane. Dei kjempa for å stå i mot, men fem minuttar før slutt må dei gje tapt. Eit frispark frå venstre endar i klabb, litt babb og ein hands innanfor Osterøy sin 16-meter. Straffen vert sikkert ekspedert i mål, og no augnar Arna Bjørnar virkelig poeng.

I siste ordinære speleminutt kjem utlikninga. Osterøy maktar ikkje klarerer etter ein dødball, formasjonane er godt i oppløysing. Igjen kjem ballen inn frå venstre og vert knalla bak ein sjangselaus Mathias Riple i Osterøy-buret.

5. div. avd. 1
Arna-Bjørnar 2 – Osterøy
Søn. 03. april 2011
Garnes

1-0:
1-1: Ørjan Bysheim
1-2: Eirik Øvsthus
1-3: Kim Solberg
2-3:
3-3:

Gule kort:
Andreas Kollvangsnes
(Red. anm.: INGEN kjem til å få klarare gult kort i år – berre så det er sagt :-))
Robert Dyvik


Laget:
Mathias Riple, Roger Husebø, Andreas Kollvangsnes,Eirik Øvsthus, Stian Aasheim, Kim Solberg, Kristian Daltveit, Ørjan Bysheim (Jørgen Vevle), Ole Morten Tysse (Robert Dyvik) og Martin Dyvik (Stian Svåsand)

Ubenytta reserve: Frode Stokke, Vidar Fossdal

Aktivitetar

02 mar
03 mar
24 mar
Osterøy på Tvers 1.6.2024
Start Bruvik og mål Hosanger
25 mar