God generalprøve

Det vart ein overbevisande seier i siste treningskampen før seriestart for Osterøy sitt a-lag. Hausvik vart sett til veggs med heile 7-1.

Og no brakar alvoret snart laust!

Det var ein nøgd Osterøy-trenar som uttalte seg til den "frammøtte pressa" etter kampen. – I store perioder spelte me god og hurtig fotball som hausingane ikkje hang med på. Sjølv om kampen var mot ein antatt svakare motstandar er den med og gjer trygghet inn mot seriestarten på søndag. Me klarte å holda eit høgt balltempo, samtidig som me var gode på gjenvinning. Dette lovar godt, smiler Rosnes.
 
– På søndag er det altså klart for seriestart mort erkerival Arna/Bjørnar. Kva tankar gjer du deg om dette?
Sesongoppkjøringa har vore god, og me er på god veg til å verta eit meir spelande lag. Dei unge spelarane som kjem rett frå guttefotball har tatt store steg i vinter, og mange kjem til å bidra mykje på årets Osterøy-lag. Stallen tel no 21 spelarar, og stallen er nok den jevnaste i mi tid som Osterøy-trenar,

– Etter torsdagens trening hadde spelarar og støtteapparat eit møte der mellom anna målsetjinga for sesongen vart diskutert. Kva kom ut av dette møtet?
Spelargruppa er heilt klare på at me skal kjempa i toppen av vår avdeling. Me snakka òg mykje om kva som vert krevd av kvar enkelt for at denne målsettinga skal kunne bli ein realitet. Spelargruppa hadde mange gode innspel i forhold til treningsarbeid, førebuing til kamp og kosthold. Steminga i troppen er veldig bra, og heile laget ser fram til seriestarten. Me skal virkelig blø for å dra iland 3 poeng på søndag, fortset Osterøy-trenaren og legg til:

KOM OG STØTT OSS SØNDAG PÅ GARNES! AVSPARK ER KL 18.00


Kampfakta

Osterøy- Hausvik 7-1
 
Laget: Morten, Roger, Andreas, Frode, Stian Å, Kristian, Kim, Ole Morten, Ørjan, Martin, Thomas
Innb: Robert, Kenneth, Stian S, Sander

 
1-0 Kristian
1-1
2-1 Thomas
3-1 Thomas
4-1 Ole Morten
5-1 Kristian
6-1 Kristian
7-1 Ole Morten