Sandviken-cup

Sandviken Cup for Jenter 11.


Ein fornøgd gjeng etter sin første cup som Jenter 11-lag.
Framme liggjande; Tiril Rongved og Nadia Solberg.
2 rekkje frå venstre: Madelen Balestrand, Martine Solberg, Martine Kollvangsnes, Julie Skjerping Gjelvik og Nora Borge Solberg.
3. rekkje frå venstre: Malin Birkeland, Natalie Tysse, Ingrid Vik Larsen, Margarita Solberg, Dortea Mjøs og Kristina Teigland.

Lørdag 19. mars var Jenter 11 klar for sin første cup som reint jentelag. Etter å tidligare ha spelt med gutane i sine årsklassar, er no jenter 10 og 11 år slått ilag til eit felles lag.

Første kampen på Stemmemyren gjekk kl 9 om morgonen mot Fyllingen. På ei isete og glatt bana og med Osterøyspelarar som ikkje heilt hadde vakna, vart det eit 0-6 tap.

Men til andre kampen mot Jada hadde jentene våre vakna og no var det eit heilt anna spel. Stor innsats og mykje bra spel. Kampen enda med eit knepent 4-3 tap, men dette var ein kamp som kunne ha vippa begge veiar.

I tredje og siste kampen møtte Osterøy jenter frå Gneist. Gneistjentene vart for sterke for våre jenter, så vart nok eit tap.

Dette var første felles kamp for jenter 10 og 11 år, etter litt meir trening og spel ilag, vil det nok løsna og verta bra til slutt.

Julie med kurs mot lærkula.

Ingrid og Madelen suser mot motstandaren sitt mål.

Kamprop må til!

Ikkje lett å forsera Margarita.

Mens me koste oss med fint Osterøy-spel, koste parkeringsvaktane seg med å bøteleggja bilane våre…..

Var ei stilfull premieutdeling der alle fekk medalje, buff og pannebånd.

Aktivitetar

Osterøy på Tvers 1.6.2024
Start Bruvik og mål Hosanger
25 mar
Open trening TURN
Osterøyhallen
07 mai
Ekstraordinært Årsmøte
Osterøy IL Klubbhus
18 mai
24 mai