Klare for finale
Jenter 13 spelte sine første 11-ar kampar i helga. Det førte dei til finale i Åsane Cup.
Den første kampen var mot Bergen Nord /Hovding 2. Jentene våre hadde god kontroll gjennom heile kampen, men det gjekk ei stund før dei klarte å omsetje sjansane til mål. Det var mykje fint spel å sjå og det verka som om jentene koste seg utpå bana. Når kampen var slutt kunne våre jenter gå av bana med ein 2-0 seier
I den andre kampen var det Varegg som stod på motsatt banehalvdel. Her trudde alle som stod på sidelinja at jentene skulle få meir å bryne seg på, men jentene viste noko av det som bur i dei og kunne gå av bana med ein flott 6-0 seier.
Dette førte til at dei var klare for finale før siste kamp som var mot Åsane. Om det var det eller at jentene var trøtte som gjorde at innsattsen dalte betrakteleg i siste kamp er ikkje godt å sei. Det enda vertfall med eit 2-0 tap for Osterøy /Fotlandsvåg.
Finalen går klokka 13.00 Vestlandshallen søndag 20.mars. Det gledar me oss til.