Unge Osterøy tukta Ny-Krohnborg

Søndag spelte Osterøy ny treningskamp. Denne gongen var motstandard Ny-Krohnborg. Det unge Osterøy-mannskapet viste gode tendensar og vann til slutt oppgjeret 3-2 etter skåringar av Robert Dyvik (2) og Stian Aasheim.

Osterøy starta bra og tok styringa i kampen med mykje bra pasningspel utan å få noko uttelling. I staden var det Ny-Krohnborg som tok leiinga då dei skåra på sitt første angrep. Osterøy let seg ikkje stressa og fortsette å spele bra fotball.  Det gjekk ikkje lang tid før dei fekk betalt for dette. Robert Dyvik utlikna etter ein krempasning frå Anders Hatland.  

 

Like etter går Osterøy opp til 2-1 etter det som må kallast eit mønsterangrep. Ballen går fort og presist framover i laget. Venstreback Stian Aasheim slepp fri noko av løpsmaskina i han og kjem på eit sugande løp. Då han vert spelt nydelig fri, lukkar han begge augo og knallar til. Ballen fyk i nota og den hardt arbeidande venstrebacken har dermed skåra sitt første mål for Osterøy. 2-1 vert òg stillinga til pause.


I andre omgang er Osterøy meir slurvete i pasningspelet. Dette gjer at Ny-Krohnborg kjem til litt fleire sjansar, noko som igjen endar med utlikning.

 

Med litt friske bein på bana klarar Osterøy likevel å ta tak i kampen igjen, og eit nytt flott angrep på venstresida endar med innlegg frå Martin Dyvik. Broder-Robert møter perfekt og breidsidar ballen enkelt i mål til ny Osterøy leiing.

 

Etter dette står kampen og vippar. Robert Dyvik har to store moglegheiter til å auka leiinga, men kampen ebbar ut med 3- 2.
 
– Det var mykje positivt å ta med seg frå denne kampen også, oppsummerer trenar Rosnes etter kampen. – Eg registrerer mykje bra pasningspel. Det er gledeleg. Så må me jobba vidare med å spela oss til endå fleire store sjansar, fortset han. – Det var jamn, god innsats frå samtlege spelarar idag, men eg vil likevel trekka fram tre mann som utmerka seg litt ekstra, smiler Osterøy-sjefen. – Kim spelar ein kjempekamp som stoppar, Jørgen imponerer igjen med godt pasningsspel og Robert var giftig og god på topp.
 
0-1:
1-1: Robert Dyvik
2-1: Stian Aasheim
2-2:
3-2: Robert Dyvik
 
Laget: Mathias Riple, Roger Husebø, Frode Stokke, Kim Solberg, Stian Aasheim, Anders Hatland, Jørgen Vevle, Kristian Daltveit, Stian Svaasand, Robert Dyvik, Martin Dyvik
Innb: Thomas Langeland, Kenneth Grimstad, Sander Solberg, Ørjan Bysheim