Osterøy og Arna Bjørnar har dei tre siste åra hatt eit samarbeidslag i damer senior. Samarbeidet var meint for å gje eit tilbud til dei som ynskte å spela fotball på seniornivå.

Samarbeidet har vore ein suksess både sportsleg og sosialt, og i år rykka laget opp i 4.divisjon.

Etter ei evaluering av samarbeidet har klubbane vorte enige om at Osterøy skal driva dette laget vidare.

Så frå neste sesong vil laget heita Osterøy.

Sjølv om ein avslutter samarbeidet med dette laget, vil klubbane fortsette å samarbeide på andre områder.

Me kjem i tida framover presentera spelartroppen som skal representera Osterøy i 2025.

Aktivitetar

Årsmøte i Osterøy IL 17.mars kl. 18.00
Osterøy IL Stadionbygg / Klubbhus
17 Mar
HTB Valestrandsmarka Rundt
Furubakken idrettsplass, Valestrandsfossen kl.18,45 og kl. 19,00
10 Apr