Osterøyserien i Fugledalen 26.09.10

Osterøyserien i Fugledalen.

Søndag 26. september var det nest siste runde i Osterøyserien for aldersbestemte lag.


Herman i duell med ein Fotlandsvågspelar.

2001 spelarane møtte i Fugledalen i eit strålande haustver, gutane var først ute og hadde sin første kamp mot Valestrand Hjellvik. Her gjekk dei på eit 1-7 tap, men i neste kamp reiste dei seg igjen og vann fortent 3-2 mot Hausvik.

I siste gutekampen vart det nok ein siger, denne gongen 5-0 mot Fotlandsvåg.

Jentene starta mot Fotlandsvåg, her fekk dei tøff motstand og måtte gå av bana med eit 1-4 tap.

I neste kamp var jentene revansjesugne, så mot Hausvik gjorde dei ein skikkelig innsats og vann 4-0.

Litt bilder frå kampane;