Osterøy Cup!

Lørdag 21. august var det duka for Osterøy IL sin første cup for aldersbestemte lag.

I 2001-klassen stilte Osterøy med eit gutelag og eit jentelag.

Spelarane var fulle av forventningar når dei entra Osterøy Stadion lørdag morgon. Kvart lag var sett opp med 4 kampar, så skuffelsen var stor hjå jentene når dei fekk vita 5 minutt før kampstart at 2 av laga i deira pulja hadde trekt seg.

Heldigvis ordna turneringsleiinga ein ekstra kamp, slik at det vart 3 kampar på jentene.

Gutane opna mot Arna Bjørnar Doffen og her vart det ein 4-3 siger, vidare stod Arna Bjørnar Ole for tur, her måtte Osterøygutane sjå seg slått med 3-6.

Laget reiste seg igjen mot Fotlandsvåg og vann her heile 9-2. Siste kampen mot Valestrand/Hjellvik endte med 3-8 tap.

Jentene starta mot Fotlandsvåg sine jenter, her såg det ut som våre jenter framleis hadde ferie, "gutsen" som dei har vist i tidligare kampar var heilt vekke og dei blei stort sett ståande og sjå på Fotlandvågspelarane. Ein fortent siger til Fotlandsvåg som spelte ein flott kamp.

Neste kamp var mot Arna Bjørnar, no hadde heldigvis jentene vakna til liv igjen og spelet var mykje betre, kampen enda med eit knepent 4-5 tap.

Siste kampen var også mot Arna Bjørnar sine jenter og no tok Osterøyjentene revansj og gjekk av bana med 4-3 siger.

Foreldre og ungar var strålande fornøgde med eit flott arrangement, og når vergudane i tillegg skrudde av kranen medan kampane pågjekk, var det lite som kunne bli betre!

Her følgjer nokon bilder av ivrige 2001-deltakarar i cupen;