Gamle sirkushestar attende i manesjen


Opprykkslaget fotografert ved sesongstart i 2000.

Det er duka for ein fotballgo’bit av dei sjeldne – om du legg godviljen til –  førstkommande laurdag. Klokka 1530 entrar "opprykkslaget anno 2000" Hatlandsgraset att i samband med ein oppvisningskamp.  Kampen markerer av at det no er ti år sidan Osterøy rykka opp i 3. divisjon. Motstandard er Osterøy anno 2010.

Heile 18 av 25 spelarar frå Osterøy sitt sportslege høgdepunkt på seniornivå er venta attende til Hatland på laurdag. Opprykksheltane skal sjølvsagt leiast av dåverande trenar, og noveranda VHFK-trenar, Jo Solberg. Dagens Osterøymannskap vert leia av Vidar Rosnes.

-Dette er ein oppvisningskamp, berre for moroskuld, seier ein av initiativtakarane Eivind Solberg til osterøyil.no. Han oppmodar alle som har trøbbel med å fylla laurdags ettermiddag med meinigsfylt innhald om å ta turen til Hatland. – Kampen startar 1530 og vert spela over to gonger 30 minuttar, meir trur eg ikkje "gamlingane" tåler, smiler "Janson".


Biletet er tatt etter  3-2 sigeren mot Nymark. Dette sende Osterøy ut i to kvallik-kampar mot Kjøkkelvik om opprykk til 3. divisjon. Kvallik-kampane enda begge med tap, men vart betydningslause.