Osterøyserien i Haus 6. juni for 2001 spelarane.


Herman i duell med Haus-spelar.

Søndag 6. juni spelte 2001 jentene og gutane kampar i Osterøyserien som denne gongen føregjekk for siste gong på grusbana til Haus.

Jentene samarbeidde litt med 2000 jentene og lånte spelarar både til og frå dette laget, det fungerte veldig bra og ser lovande ut for eit reint jentelag seinare.

Gutane spelte 3 kampar, første enda uavgjort 2-2 mot Valestrand/Hjellvik, dei to andre kampane endte med tap, 1-6 mot Hausvik og 1-5 mot Fotlandsvåg.

I jentene sine 2 kampar gjekk det noko bedre, her enda begge kampane med 5-4 siger. Motstandarar var Fotlandsvåg og Hausvik.