Tertnes for gode for Osterøy sine 2001 spelarar.


Jonatan jobba som vanlig bra, men Tertnes vart likevel for sterke for spelarane våre.

Denne sesongen er jentene og gutane i 2001 årgangen meldt på i Åsaneserien. Her møter dei reine gutelag og har til no fått bryna seg skikkelig.

Spelarane våre har litt for stor respekt for desse "bylaga", så starten av kampane vert litt for mykje prega av at dei vert ståande og studera spelarane litt. I tidlegare kampar har dei klart å ta seg innigjen og nesten vore ajour, medan dei i denne kampen vart litt for stilleståande heile kampen.

Då er det lett for at måla kjem rennande inn, og det gjorde det, kampen enda til slutt med eit 2-14 tap.