Travel veke for jenter 97


Jentene har hatt ei travel veke med 3 kampar på 9 dagar. Men humøret er på topp og innsatsen god.

Det starta med kamp mot Bergen Nord/ Hovding. Der blei det eit 2-0 tap. Så gjekk turen til Voss. Der vart det ein jevn kamp, men til slutt var Osterøy/  Fotlandsvåg som kunne reisa heimatt med seier 1-0 og 3 poeng i bagasjen. Den siste kampen denne veka var mot topplaget Eidsvåg. Også her hang jentene bra med , men etter to litt uheldige mål  i mot i første omgong, måtte jentene sjå seg slått 3-1. Osterøy/ Fotlandsvåg ligg no på 7. plass.