Knepent tap for 2001-spelarane.

2001-laget mot Bergen Nord Anton.


Martine og Jonatan har kontroll på ballen.

Torsdag 27. mai møtte 2001-spelarane Bergen Nord Anton sine gutar på Hatland. Våre spelarar vart delte inn i 3 ulike lag som bytta etterkvart slik at alle fekk lik speletid, dette fungerte veldig fint.

Me møtte Bergen Nord Anton med litt for stor respekt, så måla kom i mot oss fortare enn me klarte å utlikna, i ein periode låg me under med 1-6, men då tok spelarane tak og fann ut at dei også kunne laga mål. Etter kort tid var me oppe i 6-6 etter flott innsatsvilje og fint spel.

Bergen Nord Anton fekk inn 2 mål i slutten av 2. omgong, så resultatet vart til slutt 6-8, men alt i alt ein veldig god kamp av Osterøyspelarane.

Her litt bilder frå kampen;


Jonatan scorar på straffe.

Aktivitetar

03 mar
05 mar
07 mar
10 mar
Osterøy på Tvers 1.6.2024
Start Bruvik og mål Hosanger
25 mar