Den aller første
Endeleg var det klart for den aller første "skikkelege" fotballkampen for jenter og gutar 2003.
Det var nok mange som hadde hatt nedteljing til lørdag 8.mai. Då var det nemleg klart for den aller første fotballkampen for desse jentene og gutane. Det var nok ikkje berre ungane som var spente, eg trur trenarane også var det. Dagen starta med seier mot Valestrand Hjellvik. Seinare var det kamp mot Hausvik 1 og Hausvik 2. Dei var ørlitegran for gode så det vart to tap. Men både ungane og foreldra var godt fornøgde med dagen og syntes at alle hadde vore flinke. No er det berre til å starte nedteljinga til neste gong det er Osterøyserie.
Full konsentrasjon.
Så glade vert me når me scora mål.
Fult fokus på ballen.
God kontroll 1
God kontroll 2.
Full innsats.
Her kjem ingen forbi.
Fint driv mot mål.