Uavgjort i sesongpremieren

Osterøy møtte mandag kveld Nest Sotra 2 i sesongens første seriekamp i 5. divisjon avdeling 2. Etter å ha leia 1-0 til pause, måtte dei gul/grøne til slutt avgi poeng mot eit lag som hadde med fleire førstelagsspelarar. – Ei positiv oppleving, sjølv om det er surt å avgi poeng heilt på tampen, oppsummerer Vidar Rosnes.


Det var eit heiltent Osterøy-lag som entra Skålevik kunstgrasbane mandag kveld. Høg intensitet og knallhard jobbing hindra heimelaget frå å skapa sjangsar heile første omgang.

Ekstra inspirasjon kan henda det vart då heimelaget satte innpå fire nye spelarar allereie i første speleminutt. – Dei kastar innpå 3-4 spelarar frå a-stallen heilt i byrijinga av kampen. Likevel synes eg me styrer 1. omgang, seier ein nøgd Osterøy-trenar etter kampen. – Eg synes me både kunne og burde ha leda meir enn 1-0 til pause. I 2. omgang kunne poenga havna både her og der. Må få berømma Mathias (Riple) for svært gode prestasjonar i dag, fortset Osterøy-trenaren.

Ikkje uventa var det Thomas Langeland som skåra Osterøy sitt første mål. Den lynkjappe spissen vert spelt gjennom åleine med keeper etter vel ein halvtimes spel. Thomas rundar keeper og set ballen i mål frå spiss vinkel.

Etter pause vart det eit jevnare slag. Nest Sotra 2 hankar inn ein ny a-lagspelar som tilfører heimelaget ro framover på bana, noko som fører til utlikning etter berre 10 minuttar av 2. omgang. Kampen står no og vippar heilt til Eirik Øvsthus sender Osterøy i leiing att etter ein dødball etter vel 65 minuttar.

Her i frå og ut kan det gå begge vegar. Thomas Langeland har ein eventyrleg dobbelsjangse på stillinga 2-1; avslutning i stolpen, medan returen vert plassert knallhardt like til side for mål. Ingen spiker i kista gjer at  Nest Sotra 2 til slutt klarar  å berge eitt poeng etter ei sein utlikning 5 minuttar før full tid. Det ebba etterkvart ut med dette resultatet.

-Ein god laginnsats, meiner Rosnes. – Klarar me halda intensiteten på dette nivået trur eg me skal klare oss svært godt i år. Det blir spanande no til sundag; då ventar NBK 2 heime på Hatland.

Nest Sotra 2 – Osterøy  2-2 (0-1)
Skålevik Kunstgrasbane

0-1 – 30. min: Thomas Langeland
1-1 – 55. min:
1-2 – 65. min: Eirik Øvsthus
2-2 – 85. min:

Nr Spelar Mål (min) Gult Rødt Bytte
1 Matias Riple        
2 Roger Husebø        
3 Stian Aasheim        
4 Kenneth S. Grimstad        
5 Ole Morten Tysse   1    
6 Kim Solberg        
7 Espen Mjøs        
8 Eirik Øsvthus 65"      
9 Martin Dyvik        
10 Thomas Langeland 30"      
11 Bjarte Vik Larsen        
Innbyttarar        
12 Trygve Bru Reigstad       Inn for B. V. Larsen 70.min
13 Jørgen Vevle       Inn for M. Dyvik 77. min
14 Kristian Daltveit       Inn for E. Mjøs 81. min
15          
16          
17          
18