Siger i generalprøven

Eidsvåg vitja 2. påskedag Osterøy for siste treningskamp før alvoret startar neste helg. Etter ein begredeleig første omgang snudde Osterøy 0-1 til 3-1 i andre omgang. Martin Dyvik putta to, medan kommande "regissør", ungfolen Frode Stokke, avslutta med 3-1 skåring fem minuttar før slutt.

Osterøy starta tamt og usikkert i generalprøven mandag. Dei tapte dei fleste duellane, slo upresise pasningar og sleit dermed med å få etablert eige spel. Gjestane sin sentrale midtbanespelar fekk styra kampen slik han ville.

Etter knappe ti minuttar vert ein corner klarert, på ikkje alt for overtydande vis, og Eidsvåg hamra inn 0-1 frå kort hald. Etter dette kjørte Eidsvåg kampen utan å produsere dei heilt store sjangsane.

I 2. omgang var det eit anna Osterø-lag som entra banen. Det vart gjort justeringar på midtbana og innstillinga til spelarane var betre. Det resulterte i ein del tøffe duellar og det heile vart ei jevnare batalje. Det var ikkje ufortent at Martin Dyvik  utlikna etter 7-8 minutt av omgangen. Trygve Reigstad klarte å halde ballen i spel på høgrekanten, slo inn til Kim Solberg i midten som berre trilla ballen vidare til Dyvik. Frå spiss vinkel hamra han heim 1-1.

Resten av kampen bølga fram og tilbake, og begge lag hadde sine halvsjangsar. Vidar Rosnes valgte etterkvart å setje innpå ungdomsrekka; Bjarte Vik Larsen, Robert Dyvik og Frode Stokke. Alle tre viste lovande takter, men sistnemnte vart tunga på vektskåla denne kvelden. Vel to minuttar etter han kom innpå bana trer han gjennom ein krempasning til Martin Dyvik i fult firsprang. Martin dundrar heim sitt andre mål og det står 2-1.

Knappe 3 minuttar seinare bankar Stokke sjølv siste spikaren i Eidsvåg-kista. Robert Dyvik og Bjarte Vik Larsen rullar opp frå høgre. Frode Stokke vender av sin oppassar og set ballen kontrollert i mål til 3-1.  

Osterøy – Eidsvåg  3-1 (0-1)
Kunstgrasbanen, Fugledalen

0-1 – 8. min:
1-1 – 52. min: Martin Dyvik
2-1 – 82. min: Martin Dyvik
3-1 – 85. min: Frode Stokke

Nr Spelar Mål (min) Gult Rødt Bytte
1 Matias Riple        
2 Roger Husebø        
3 Stian Aasheim        
4 Kenneth S. Grimstad        
5 Ole Morten Tysse        
6 Kim Solberg        
7 Kristian Daltveit        
8 Frode Evensen        
9 Martin Dyvik 52", 82"      
10 Trygve Bru Reigstad        
11 Øyvind Tønjum        
Innbyttarar        
12 Frode Stokke 85"     Inn for Ø. Tønjum
13 Bjarte Vik Larsen       Inn for K. Daltveit
14 Espen Mjøs       Inn for F. Evensen
15 Robert Dyvik       Inn for T. B. Reigstad
16          
17          
18