Jenter 16 heldt seg på tabelltoppen etter ny braksiger!


Ein fornøgd gjeng etter 3-0 leiing til pause.

Fredag 11. september var Jenter 16 klare for sin første heimekamp for hausten, motstandar var Flaktveit.

Jentene opna veldig bra med full innsats over heile linja, dette gav resultat og Stine opna showet med ei flott scoring.
Dette gav meirsmak for jentene og dei fortsette det fine spelet sitt, veldig flott pasningsspel.

I andre omgong datt jentene litt "nedpå" ei stund, men dei tok seg fint innigjen og kunne gå av bana med ein imponerande 7-1 siger.

Nok til å behalda plassen på toppen!


Dorthe, Marielle og Stine jublar etter nok eit mål.


Marte som vanlig, alltid på "hugget"!


Trine rydda flott opp i forsvaret, ikkje enkelt å passera ho.