Ny optimisme i Osterøy-leiren

Osterøy presterte årsbeste då Ny-Krohnborg kom på vitjing i helgas 4. divisjonsbatalje på  Hatland. Dei gul/grøne spelte med hjarte utanpå drakta ein ein fartsfylt kamp som til slutt enda med 3-3 og eitt poeng. Eit poeng som kan bli svært viktig i kampen for å overleva i 4. divisjon.

 

– Dette var deilig, smiler ein nøgd Osterøy-trenar etter kampen. – Gutane legg ned eit fantastisk stykke arbeid, og poenget er velfortent. Med litt tur kunne me fort tatt alle tre, fortset han. – På ei anna side; det kunne fort blitt null poeng òg. Ny-Krohnborg pressar oss hardt i andre omgang, og får mange muligheiter etter innlegg frå vår høgre side. Så i dag vinn me eit poeng me ikkje hadde budsjettert med, sluttar han.

 

Pangstart

Osterøy fekk ein draumestart på oppgjeret. Dei frammøtte tilskodarane hadde knapt komen i den første kaffikoppen før Frode Evensen stig til vers på første stolpe og stangar inn eit innlegg frå venstre. Stadionuret (?) viser då 1 minutt og 19 sekundar.  Stemninga rundt kunstgrasbane er likevel litt usikker; Det er lenge att.

 

To minuttar seinare får Ny-Krohnborg på ny ein smell. Det kjem eit høgt framspel  – litt på måfå  – som det tilsynelatande ser ut som gjestane har kontroll på. Thomas Langeland vil det annleis. Han brøytar seg veg mellom Ny-Krohnborg sin stopparduo og snappar ballen med seg. Åleine med keeper gjer han ingen feil, og det står 2-0 til heimelaget. Klokka  viser 3 minutt og 25 sekund.  Optimismen rår på Hatland.

 

Osterøy fortset kjøret. Dei spring mykje, er tidleg opp i Ny-Krohnborg spelarane og vinn mange duellar. Laget er knapt å kjenna igjen frå tidlegare oppgjer denne sesongen. Anført av kampens beste spelar, Kim Solberg, kjører dei på. Etter eit drøyt kvarter er Osterøy igjen farleg frampå.  Heine Solberg klarerer, Thomas Langeland augnar sjansen og stikk bak forsvaret. Skotet går like til side for mål.

 

Går i fella

I staden for at kampen blir pungtert, kjempar Ny-Krohnborg seg inn att i kampen. Osterøy-spelarane går litt i fella og byrjar å ta ein del feilval. Dei enkle løysingane vert bytta ut med forsøk på meir spektakulære  ting. Dette resulterer i ein del brot og kontringar i mot. Etter eit par og tjue minutt er det klart for redusering etter eit flott langskot, som keeper-vikar Hans Ole Daltveit ikkje kan gjere stort med.

 

Berre minuttar etter er ein tilbake til utgangspunktet på Hatland; Øyvind Tønjum slår eit noko unaudsynt tilbakespel til Hans Ole Daltveit.  Daltveit, på si side, slit litt med å få kontroll på ballen. Gjestane sin spissduo er kjapt oppe i situasjonen. Sjølv om Daltveit avvergar det første forsøket, kan ikkje hindra at returen vert sett i mål til stor jubel frå dei tilreisande.  Eit baklengsmål som i høgste grad kunne vore unngått. 2-2 vert òg stillinga til pause

 

Pangstart 2

Andre omgang startar som den første; med ei Osterøy-skåring. Medan tilskodarane framleis står i vaffel-kø får Martin Hanstvedt  ballen frå Eirik Øvsthus ute til høgre. Martin dreg seg inn i bana og knallar til med venstrefoten frå 16 meter. Ballen susar i nota og det står 3-2.

 

Ny-Krohnborg tar over

Etter skåringa tar Ny-Krohnborg over meir og meir av banespelet, men hardtkjempande Ostringar sel seg dyrt. Etter kvart som kreftene ebbar ut blant Osterøy-spelarane, kjem gjestane til fleire halvsjansar. Dei får òg eit mål annulert for offside etter snaue 25 minutt. Osterøy kjem òg til ein del mulgheiter, ofte frå venstre der ein strålande opplagt Martin Dyvik kjem med til fleire gode innlegg.

 

Det vil seg likevel ikkje. Etter vel halvtimen spelt utliknar gjestane igjen på eit langskot, og pulsen stig på sidelinja. Osterøy kjempar heroisk og klarar til slutt å ri av stormen frå by’dn og karrar med det til seg eit bonuspoeng i haustjakta. Eit poeng som kan vise seg å bli avgjerande i botnstriden.

 

Til helga ventar Rosendal – i Rosendal. Ein ny skjebne-kamp for Osterøy.  Det vert jobba iherdig med å få til busstransport til turen, folk vert oppmoda til slå følgje nedover for å støtta laget i kampen for fornya 4. divisjonskontrakt.

 

Osterøy sitt lag: Hans Ole Daltveit, Øyvind Tønjum, Heine Solberg (Vidar Fossdal), Andreas Kollvangsnes, Thomas Hole, Frode Evensen (Kristian Daltveit), Kim Solberg, Martin Hanstvedt, Thomas Langeland, Eirik Øvsthus, Martin Dyvik.