Kvernbit Cup

Lørdag 29. august spelte jentene og gutane som er fødd i 2001 Kvernbit Cup. Ein kjempeflott cup og mange flotte resultat!


Ein meget fornøgd gjeng, bak f.v. Jan Morten Hugnastad, Eirik Løtveit, Stian Heimvik Solberg, Jonatan Skjerping, Vetle Rossland Jørgensen, Nora Borge Solberg, Margarita Solberg, Julie Gjelvik Skjerping. Framme f.v. Herman Neu Beckstrøm, Bendik Søgnesand, Andreas Neu Beckstrøm, Martine Kollvangsnes, Tiril Rongved, Martine Solberg og Snorre Martinsen.

Jentene våre var først ute og veldig fornøgde med at dei fekk møta andre jentelag. Første kampen var mot Alvidra, her spelte dei jevnt og kampen enda med 2-2.


Tiril klar til utspark.


Nora prøver å ta ballen frå ein Alvidra spelar.


Julie og Martine K. klare til å skyta mål!!


Deretter var det gutane sin tur, dei starta mot Kvernbit og denne kampen enda som jentene sin med resultatet 2-2, Osterøy fekk sitt siste mål i siste minutt!
Så var det klart for andre kampen til jentene, dei var skikkelig gira og i scoringshumør, resultatet vart heile 5-1 mot Lindås Løve, ein flott laginnsats!

Gutane kopierte jentene her også, etter å ha lege under 3-1, sette dei inn turboen og vann med 9-4 over Arna Bjørnar Rød! Ei skikkelig flott opphenting.

Siste kampen til jentene vart også ei flott forestilling, her vart det 4-1 siger mot Selbjørn noko alle var strålande fornøgde med.
Som Julie sa før premieutdelinga; "me vann alle kampane våre, når me spelte 2-2 vann jo begge lag og dei 2 siste kampane vann me også, så dermed 3 sigrar!" Så sant, så sant.

Etter at jentene hadde vore på ei proff premieutdeling tok gutane fatt på sin siste kamp, denne var mot Austrheim. Osterøy heldt lenge jevnt med Austrheim, men måtte til slutt sjå seg slått med 3-5.

Me som var tilskodarar var veldig fornøgde med ungane våre, dei viste skikkelig speleglede utpå bana og gjorde ein flott innsats! Ein flott cup som me gjerne reiser tilbake til!


Litt pausegymnastikk.


Herman er fullt konsentrert.


Vetle er klar.


Stian på full fart mot mål.


Jentene "varmar opp" under paraplyen.


Yes, eg scora!


Nokon superfornøgde jenter!


Snorre og Eirik i kamp mot Arna Bjørnar.


Martine S. strålande fornøgd med målet sitt!


Bendik klar til innsats.