Tapte på Kuventræ

Osterøy sine håpefulle gjekk på sitt tiande tap for sesongen då dei møtte Os 2 på Kuventræ måndag kveld. Vertane vann komfortabelt 4-0 etter at det sto 2-0 til pause.

 

-I dag synes eg me rett og slett var dårlege. Me hang ikkje i hop og kom ikkje opp i nærleiken av det nivået me er gode for på vårt beste, seier Kim Solberg. – Samstundes var Os 2 gode. Me hadde våre sjangsar i andre omgang, men klarte ikkje å omsetje dei i teljande resultat. Ein slags gjengangar denne sesongen, fortset kapteinen. -Me ligg an til ein tøff haust, men det visste me på førehand. No må me bretta opp armane å gi jernet. Det er ikkje over enno, sluttar Solberg.

 

Trenar Vidar Rosnes heng seg på sin kaptein i vurderinga av kampen. –Me er rett og slett ikkje gode nok. Os 2 spring meir enn oss og er i tillegg utruleg ballsikre. Me vert halsande mykje etter,  noko som går bra i ca 25 minutt. Då skårar dei. Etter det heng me ikkje med i det heile, seier Rosnes.

 

-No vender me blikket framover og til kampen mot Loddefjord på laurdag. Me spelte jevnt med dei i vår og mulighetane er tilstades for tre etterlengta poeng. Det må i alle fall vera målet, sluttar Rosnes.


Fotnote: Eirik Øvsthus var tilbake i aksjon etter sitt lange skadeavbrekk. Han avløyste Kristian Daltveit midtvegs i 2. omgang

Laget: Einar Gjerstad, Øyvind Tønjum (Åge Bruvik), Ronny Hansen, Andreas Kollvangsnes, Thomas Hole (Kenneth Gristad) , Kristian Daltveit (Eirik Øvsthus), Kim Solberg, Martin Hanstvedt, Martin Dyvik (Frode Evensen), Torbjørn Hovden (Thomas Nilsen) og Thomas Langeland.