Jenter 11 på Eidfjord cup


Jenter 11 hadde ei super helg på Eidfjord cup.

Det var ein forventningsfull og spent  gjeng som reiste til Eidfjord på Cup. Ungane var nok mest spente på korleis det skulle gå med fotballkampane og om kva dei skulle finna på om kveldane, medan foreldra uroa seg nok mest over veret og kor vått det skulle bli i telta.
Det skulle visa seg at det ikkje var noko grunn til bekymring verken for veret eller det sportslege.
Jentene starta fredag  kveld med to kampar der dei jobba godt og vann klart.

Lørdag  var det klart for fleire kampar. Alle jentene gjorde ein god jobb og viste at dei synest det er gøy å spela fotball. Resultata vart 2 seirar og 2 tap denne dagen. Det som var kjekt å sjå var at jentene koste seg i lag mellom øktene også, så slike turar er like viktig for det sosiale som for det sportslege.


Søndag var det nokre trøtte jenter som skulle spela kamp, men dei tok ut dei siste kreftene og gjennomførte to bra kampar. Det enda med ein seier og eit tap.


Men det som er sikkert er nok at denne gjengen er klar for å reise på fleire cupar i åra som kjem.