Framleis tabelltopp for Jenter 16!
Torsdag kveld var Åsane motstandar i Fugledalen, det enda med 5-1 siger til Osterøyjentene.
Eit av Stine Lone Hatland sine mål, umogeleg å ta for Åsane keeperen.
Så langt i sesongen står jentene kun med 1 tap, resten sigrar.
Denne kvelden opna også jentene sterkt og etter få minutt stod det 2-0 til jentene. Åsane kom tilbake og reduserte til 2-1 og kampen låg og vippa litt fram og tilbake.
Men ut i 2. omgong tok jentene ansvar og hekta Åsane av med 3 solide fulltreffarar, så sluttresultatet viste då 5-1 til Osterøy.
Flott jobbing av samtlige jenter på bana, dei er flinke å kjempa for kvarandre og der ei misser er det alltid ei anna som dukkar opp og tar ansvar. Flott jenter!
Litt "peptalk" i pausen av hjelpetrenarane Kristoffer Kleiveland og Øystein Veseth.
Marielle Kallekleiv hekta stadig Åsane-spelarane av.
Marte Vevle med fullt fokus på lærkula.
Trine Rongved stoppa dei fleste Åsane spelarane som nærma seg vårt mål.