Flott opphenting av 2001-spelarane.

Mandag 8. Juni spelte 2001-laga våre sin tredje kamp i Osterøyserien.


Madelen og Andreas i kamp mot ein Valestrand/Hjellvik motstandar.

Laga våre skulle denne kvelden spela 2 kampar, begge mot Valestrand/Hjellvik.

I første kampen vart motstanden litt for sterk og det enda med eit 0-8 tap, til tross for flott kjemping av våre gutar og jenter.

Andre kampen starta dårlig, og etter ei stund stod det 0-5 til motstandarane, men utover i kampen fekk spelarane våre hol på byllen og fekk sitt første mål. Jubelen kunne nok høyrast i heile Lonevågsområdet og dei innøvde jubelscenene var nydelige å sjå på. Verkeleg flott idrettsglede!

No fekk våre jenter og gutar ny giv og sette inn ein skikkelig sluttspurt, kampen enda med 4-5 til Valestrand/Hjellvik.  

Me ser fram til nye kampar på søndag 14. Juni, då skal me spela både mot Fotlandsvåg, Hausvik og Valestrand/Hjellvik.

LB


Julie driblar ein VHFK spelar.


Jan Morten prøver å stoppa Lars Henrik på Valestrand/Hjellvik.


Andreas N.B. prøver på ein finte.


Andreas F og Nora med flott innsats.


Stian i fint driv.


Margarita gjer alt for å stoppa motstandarane.


Martine K i aksjon.


Vert da mål her??? Yes!


Jonatan på eit av sine mange "raid".