Viktige poeng i botnoppgjeret

Då botnlaget Rosendal vitja Hatland laurdag var berre siger godt nok for Vidar Rosnes og Osterøy. Gjestane hadde, trass mager poengfangst, vist stigande formkurve medan Osterøy serverte årsverste forrige helg. Dei gul/grøna heva seg betrakteleg og vann til slutt oppgjeret 4-1. 

-Dette smakte utruleg godt, seier ein nøgd Osterøy-trenar etter kampen. -Me presterte mykje betre enn mot Ny-Krohnborg for ei veke sidan, og vinn fortent denne kampen. Det er svært viktig at me tar tre poeng mot dei laga som ligg rundt oss på tabellen, så siger i dag var einaste alternativ for oss. Då er det ekstra godt å levere slik som me gjorde, fortset han.

Det var Rosendal som skåra først på kunstgraset i Fugledalen. Osterøy gjekk ut med høgt press og vart straffa av gjestane sin kjappe spiss. Berre 4 minuttar ut i kampen stod det 0-1 i målprotokollen. -Etter skåringen justerte me oss litt i høve til farten til målskåraren. Det hjalp. Eg trur ikkje han hadde fleire avslutningar på mål i kampen, kommenterer Rosnes.

Osterøy klarte å kvittere raskt. Eit mønsterangrep rulla opp frå høgre og enda til slutt hos Frode Evensen på venstre sida. Han dreg av ein forsvarar og klinkar ballen i lengste hjørne. Ei praktskåring av nyervervinga frå Haus.

Snaue 20 minuttar seinare er det igjen duka for jubel på Hatland. Frode Evensen 2slår eit frispark inn i feltet, keeper nøler og ein gjesteforsvarar får æra av å gi Osterøy leiinga. -I vår bok står Frode som målskårar. Me tel ikkje sjølvmål, smiler ein opplagt Rosnes. Stillinga står til pause.

Osterøy fortset å kontrollera kampen i andre omgang, og det var i realiteten aldri fare for poenga. Det kom nok likevel som ein lettelse då innbyttar Stian Myking aukar til 3-1 etter knappe 10 minuttar av omgangen. Igjen er Frode Evensen sentral. Evensen tråkla seg til dødlinja, legg ut 45 grader på foten til Myking som prikkar inn sitt første mål for sesongen.

Ti minuttar etter er det kaptein Kim Solberg som avsluttar ballet med ei enkel skåring. Øyvind Tønjum parkerer gjestane sitt forsvar, kjem åleine med keeper og trillar ballen uselvisk til side slik at "Kaptein Kim" i fullt firsprang berre har å setje breidsida til i det tomme Rosendal-buret. Kampen ebbar med dette ut på stillinga 4-1 til Osterøy.

-Me viste ei heilt anna innstilling i dag enn på Krohnsminde forrige helg. Me eksploderte frå start og viste vinnarvilje. Fortset me i dette sporet skal me greitt nå vår målsetjing om å halda plassen, seier Rosnes etter kampen. -No ventar målkåte Øygard i neste runde. Ei formidabel oppgåve, men om innsatsen er som i dag kan alt skje, sluttar Rosnes

Osterøy sitt lag: Einar Gjerstad, Thomas Hole, Heine Solberg, Vidar Fossdal (Kenneth Grimstad), Åge Bruvik, Frode Evensen, Kim Solberg, Kristian Daltveit, Øyvind Tønjum, Torbjørn Hovden (Steffen Gjøstein), Thomas Langeland (Stian Myking (Martin Dyvik))