Årsverste borte mot Ny Krohnborg
Osterøy leverte årsverste på Krohnsminde då laget vart sabla ned av Ny Krohnborg, fredag. Kampen enda med heile 6-0 til heimelaget i ein kamp berre er å legga bak seg så fort som mogleg.
-Eg har i mi tid som Osterøy-trenar ikkje sett laget spele så dårleg, kommenterer Vidar Rosnes etter kampen. -Ingenting stemmer for oss. Me kunne spelt i timesvis mot 7.divisjonsmotstand utan å skåre i dag, fortset ein fortvila Osterøy-trenar.
Osterøy som fekk sin første trepoengar i forrige serierunde hadde sett seg som mål å reise til Krohnsminde og gi heimelaget kamp om poenga. Desverre klarte laget aldri å komma opp på eit nivå som gjorde dette mogleg.
Til pause sto det allereie 3-0, og kampen var i realiteten kjørt. 2 omgang enda som første, noko som resulterte i sesongens største tap; 6-0. Og det kunne blitt meir, om me skal tru rapportane.
– Det er klart at med den situajonen laget er i, hjelper det ikkje at Thomas Langeland, Øyvind Tønjum og Åge Bruvik og må melde forfall i forkant av denne kampen, sukkar Rosnes. -Laget har trass skadesituasjonen prestert tåleg bra i byrjinga av sesongen, men i dag var det berre sorgen. Det er ein tøff periode for oss no, fortset han.
Til helga ventar kamp i botnstriden mot Rosendal. -Då mister me ytterlegare 3 mann. Ronny, Jens og Andreas er alle utilgjengelege. Me har forsøkt flytta kampen, men Rosendal har så langt vist liten vilje til å imøtekomma våre henvendelsar, seier Osterøy-trenaren. – Vonleg er Thomas, Tønjum og Åge attende. Uansett vil dette bli ei tøff oppgåve, men me skal selje oss dyrt, lovar Rosnes.
Osterøy sitt lag: Einar Gjerstad, Thomas Hole (Kenneth Grimstad), Ronny Hansen (Vidar Fossdal), Jens Lillefosse, Andreas Kollvangsnes, Martin Dyvik, Kim Solberg, Kristian Daltveit, Martin Bysheim (Frode Evensen), Torbjørn Hovden og Heine Solberg (Stian Myking).