Viktig siger for Osterøy


VETERAN: Heine Solberg noterte seg på skåringslista i sesongens første tre-poengar. (Arkivfoto)

Det vart endeleg siger for Osterøy då Bremnes var gjestar på Hatland i eit forferdeleg ruskevêr fredag. Kampen enda 3-1 og etter ein mager poengfangst innleiingsvis denne sesongen har dermed Vidar Rosnes sine menn opna poeng kontoen.

 

-Me måtte vinna i dag, seier Vidar Rosnes etter kampen. –Bremnes er eit av dei laga me må holda bak oss om me skal klara målsetjinga om å behalda plassen i 4. divisjon. Eg er difor svært letta over at me klarte å dra sigeren i land, smiler han.

 

Osterøy fekk verst tenkeleg start på kampen. Etter berre 3 minuttar er det nemleg gjestane som går opp i 1-0 leiing. Eit skot frå distanse vert flikka vidare, stussar i det våte graset og fyk inn i Einar Gjerstad sitt lengste hjørne.

 

Det går heldigvis ikkje lenge før Osterøy kvitterar. Berre to minuttar seinare har heimelaget frispark ute på venstre sida. Ballen vert slått inn i feltet og etter litt klabb og babb er det Ronny Hansen som brått har ballen i beina på 11 meter. Han dreg av (!) ein forsvarar før han hamrar inn utlikningsmålet bak ein sjanselaus Bremnes-keeper.

 

Etter dette bølgar spelet ein del fram og tilbake utan at nokon av laga klarar å festa noko særleg grep om kampen. Stillinga held seg dermed til pause.

 

Andre omgang fortset i same sporet; stillingskrig på midten og få store målsjangsar. Etter eit drøyt kvarter går Torbjørn Hovden i bakken etter eit regelrett overfall på midtbana. –Bremnes spelaren hadde ingen moglegheit til å nå ballen og kunne lett trekt seg frå den duellen, rasar Rosnes etter kampen. –Torbjørn er oppe og stussar vidare ein pasning med hovudet og får Bremnes spelaren i skallen lenge etter at ballen er borte. Unødvendig! tordnar Osterøy-trenaren

 

Hovden, som fekk eit stort kutt i hovudet, vart geleida av bana og enda på legevakta der det vart sydd tre sting.

 

Bremnes er etter dette farlig frampå ved eit par høve og er uheldige som ikkje klarar å omsetja sjansane sine. Dette utnyttar Osterøy til fulle. Etter 33 minutt av omgangen stikk Thomas Langeland gjennom gjestane sitt forsvar. Den kjappe Osterøy-spissen gjer ingen feil åleine med keeper; 2-1 til Osterøy.

 

Og dermed løsna det for heimelaget. Berre tre minuttar etter er det duka for 3-1. Etter fine kombinasjonar på venstre sida, ender eit innlegg på pannebrasken til veteran Heine Solberg. –Eg anar ikkje kva som skjedde. Eg prøvde berre å komme meg bort frå situasjonen, smiler Solberg etter kampen. –Men du veit; det berre må bli siger når Ronny skårar med beina og eg skårar med hovudet. Då er nemleg alt mogleg.

 

Resultatet står seg til pause, og dei gul/grøne kan endeleg jubla for poeng. –No er det viktig at me tek med oss den gode følelsen inn i neste veke og til Krohnsminde på fredag, seier Rosnes. Der ventar Ny-Krohnborg som har hatt ein blanda sesongstart. –Det er ikkje umogleg og komma seg heim derifrå med eit godt resultat. Me kjem til å gå for siger, smiler Rosnes

Osterøy sitt lag: Einar Gjerstad, Andreas Kollvangsnes (Åge Bruvik), Ronny Hansen, Jens Lillefosse, Thomas Hole, Øyvind Tønjum, Kim Solberg, Kristian Daltveit, Frode Evensen (Martin Dyvik), Torbjørn Hovden (Heine Solberg) og Thomas Langeland