Målkalas i første kampen på kunstgraset
Trine kjører mot mål.
Osterøy/Fotlandsvåg Jenter 16 fekk æra av å spela den første kampen nokonsinne på den lenge etterlengta kunstgrasbana i Fugledalen. Kampen gjekk mot Kvernbit, og sidan dei hadde problem med å skaffa nok spelarar til 11-ar lag, vart det denne gongen 7-ar kamp.
Jentene vart inspirert av det store publikumsoppmøtet og fekk inn det første målet. Kvernbit reduserte, men Osterøy/Fotlandsvåg gjekk raskt opp i leiinga igjen, etter 4-4 vart det Kvernbit som låg i tet, men våre jenter gav aldri opp og gjorde ein flott innsats som til slutt vart krona med 7-6 siger!
Eit velfortent resultat og ein underhaldande kamp for oss som var publikum. Gler oss til mange kjekke timar på den flotte bana vår!
Bak frå venstre: Amalie Hanstvedt, Marielle Kallekleiv, Victoria Hanstvedt, Anna Borge Solberg, Tanita Hagebø, Trine Rongved, Dorthe Hatland, Sara Laastad, Karoline Sofie Hanstvedt, trenar Ida Hanstveit. Framme frå venstre: Stine Hatland, Stine Agnete Solberg, Helen Stokke, Adelin Hanstveit, Silje Nesthus, Marte Vevle, Renate Vevle
Heroisk innsats av Victoria.
Stine driblar seg framover.
MÅÅÅÅL!!!!
Osterøy/Fotlandsvåg klar for fleire mål!