Alvoret startar


Til helga rullar fotballen att. Osterøy tek då i mot Os 2 til dyst på Hatland. Osterøy er av mange spådd ein vanskeleg sesong og er avhengig av ein god start.

TRAVEL MANN: Osterøy er av mange spådd ein vanskeleg sesong i 4. divisjon. Om spådommen held stikk vert Einar Gjerstad ein travel mann i år. Me set vår lit til at kaptein Kim Solberg og hans mannskap gjer spådommen til skamme!


-Målet vårt blir å etablera oss i divisjonen – altså å unngå nedrykk. Det skal me har mannskap til å klara, seier Osterøy-trenar Vidar Rosnes. – Me har ei tøff innleiing på sesongen med bortekampar mot Loddefjord og Trott, som er venta å kjempa høgt oppe på tabellen i år,  i dei følgande rundane. Med eit par gode resultat innleiingsvis trur eg me kan overraska betrevitarane i år, smile Rosnes.

Osterøy har slitt med mykje skadar i oppkjøringa denne sesongen. Eirik Øvsthus er ute med langtidsskade og er ikkje tilgjengeleg før til hausten. Øyvind Øvsthus og Andreas Kollvangsnes har begge gått glipp av store delar av oppkjøringa, i tillegg til kortare skadeavbrekk på Ørjan Bysheim og Kim Solberg. Alle nøkkelspelarar i årets Osterøy-mannskap.

-Det er klart at dette har skapa utfordringar for oss, sukkar Rosnes. -Med unnatak av Øvsthus-brørne er alle tilbake og tilgjengelege til kampen mot Os 2 no til helga.

Osterøy har òg vore aktive på overgangsmarknaden i år. Heile 6 nye spelarar er på plass til sesongstarten. – Me har henta Thomas Hole, Stian Myking (begge frå Fotlandsvåg), Frode Evensen, Åge Bruvik, Øystein Didriksen (alle frå Hausvik) og Martin Hanstveit (Fyllingen), seier ein nøgd trenar. –Dette gjer at eg disponerer over 20 spelarar i år. Det kjem til å bli viktig for oss etter kvart som sesongen skrir fram, spår Rosnes. – I tillegg har Vidar Fosdal gjort eit sensasjonelt comeback, smiler han. -Om ikkje dèt luktar suksess, veit ikkje eg, avsluttar Rosnes.

Kampen blir spela på Hatlandsgraset og har avspark klokka 16.00 førstkommande søndag. Møt opp og støtt laget mot nye høgdar