Sterk opning av juniorlaget


Målscorarar i seriedebuten: Øyvind Tønjum, Frode Stokke og Ruben Kleppe

Osterøy sitt juniorlag opna med seier 3-1 i den nesten rekordtidlege seriepremieren  14.april. Eit Tertnes 2 lag møtte eit godt kjempande lag frå øynæ som ville mest gjennom 90 minuttar på Åstveitkunstgraset.

Ein utprega lagseier som viste seg vel fortjent gjennom knallhard jobbing i presset siste 15 minuttane når Tertnes pressa og Osterøy var nøydde til å leggje litt om på laget. Dagens ostring vart Frode Stokke med ein fenomenal 2.omgong og ei heading i mål som få gjer han etter.

Neste kamp tysdag 21.april heime mot Nordre Holsenøy kl. 19.00.

Osterøy sitt lag:
Keeper: Mathias Riple
Forsvar: Michael Vikne, Stian Børtveit Johannessen, Roger Husebø og Martin Dyvik.
Midtbane: Øyvind Tønjum, Frode Stokke, Ruben Kleppe og Øystein Veseth.
Angrep: Bård Solberg og Jørgen Greve Risholm.
Benytta innbyttarar: Jonas Kleppe, Simen Mjelde Solberg, Markus Fossdal, Baste Neu Hatland og Jørgen Vevle.

Stian ville bytta i 2.omg men ofra det meste for å halda ut i 90 min.

Solid kamp på venstreback av Martin Dyvik

25 minuttars god juniordebut av Jørgen Vevle som sentral midtbanespelar