G98 på tokt i Åsane Cup

Osterøy har hatt fleire lag i aksjon i Åsane Cup i det siste. Lørdag 28. mars var det G98-laget sin tur til å bryna seg på lag frå "bortomfjor’n"


Dei unge håpefulle spelte kampar mot Norde Neset, Arna_Bjørnar og Hovding. Dei gulkledde beit godt i frå seg og viste stor innsats og idrettsglede.

I den første kampen, som var mot Nore Neset, enda med tap, men sigrar vart innkasserte i dei to følgande kampane mot Arna-Bjørnar og Hovding.


Osterøy reiste til Åsane med følgande mannskap: Adrian, Andreas, Benjamin, Hjalmar, Chris Andrè, Petter, Fredrik, Johannes, Markus, Mats og Sander

osteroyil.no gratulerer gutane med framifrå innsats og ynskjer lukke til i komande sesong.