Osterøy skuffa mot Fotlandsvåg
Osterøy var det beste laget gjennom 90 minuttar mot Fotlandsvåg på
Furubakken i går kveld, men fire mål var ikkje nok til å sikra sigeren
mot det hardtkjempande laget frå Tøflavåjen.
Dette var rett og slett ikkje godt nok, sukka Vidar Rosnes etter
kampen. -Det ser ut som om me går ut på bana og forventar lett match.
Spelarane går for halv maskin heile første omgang. Me får ikkje fart
på ballen og vert liggande alt for djupt. Det var i det heile veldig
lite som stemte for oss i dag.
Sjølv om Osterøy hadde ballen mest og majoriteten av spelet føregjekk
på Fotlandsvåg sin banehalvleik klarte ikkje dei gul/grøne å spela seg
til for mange sjangsar i første omgang. Fotlandsvåg såg dessutan ut
til å villa meir og klinka til i alle duellar.
Etter drøye halvtimen dreg imidlertid Torbjørn Hovden seg fri på høgre
kanten og serverer Thomas Langeland eit perfekt innlegg. Thomas skårar
sikkert og opphentinga er i gang. Minuttet før pause er det Frode
Evensen sin tur. Ein corner frå midtbanespelaren vert skrudd rett inn
– med litt hjelp frå FIL sin keeper.
Pausen nyttar trenar Rosnes til å miste stemma. Han er alt ann enn
nøgd med prestasjonane i første omgang og legg ikkje skjul på dette
overfor spelarane. Han gjer eit bytte; Torbjørn Hovden viker plass for
Øyvind Tønjum.
Andre omgang vert ikkje merkbart betre, men Osterøy klarar i det
minste å spele seg til ein del sjangsar. Store, sterke Kristian
Daltveit er farleg frampå ved fleire høve – ofte på dødballar frå sida
– utan å skåra.
Etter ti minuttar av omgangen er det duka for Thomas Langeland igjen.
Frode Evensen gjer manns jobb inne i 5 metersfetet og får tuppa ballen
forbi ein utrusande keeper. Langeland får ein enkel jobb med å
ekspedere ballen i mål.
Etter ytterlegare ti minuttar tek Osterøy for første gong leiinga i
kampen. Martin Hanstveit snurrar rundt med ein tre-fire kvitkledde før
han tuppar ballen i mål på næraste stolpe. Ting ser no ut til å gå
vegen, men Jørgen Risholm vil det anleis. Berre fem minuttar etter
Hanstveit si skåring servere han ei bøtte kaldt vatn i Osterøy
spelarane sine årer etter ein kontring. Han fastset med det
sluttresultatet til 4-4.
-Irriterande, seier Rosnes etter kampen før han legg til; – Det endrar
ingenting i forhold til kampen i morgon. Me må slå VHFK for å behalda
bøtta på Hatland. Det måtte me ha gjort sjølv med siger i dag.
Kampen mot VHFK blir spela kl 16.00 laurdag – etter at Hausvik og
Fotlandsvåg har målt krefter kl. 14.00.
KAMPFAKTA
Mål:
0-1 (0. min)
0-2 (0. min)
0-3 (0. min)
1-3 Thomas Langeland (33. min)
2-3 Frode Evensen (45. min)
3-3 Thomas Langeland (55. min)
4-3 Martin Hanstveit (64. min)
4-4 Jørgen Risholm (69. min)
Laget: Einar Gjerstad, Steffen Gjøstein (Martin Dyvik 35 min), Ole
Morten Tysse ( Ørjan Bysheim 20 min), Åge Bruvik (Thomas Hole 30 min),
Martin Bysheim (Jens Lillefosse 20 min), Frode Evensen, Kim Solberg,
Kristian Daltveit, Torbjørn Hovden (Øyvind Tønjum 45 min), Thomas
Langeland, Martin Hanstveit.