Til topps
Ein lukkeleg gjeng etter siger i finalen i 15-års klassen i Arna-Bjørnar cup
Etter å ha vunne med kalassiffer i innleiande runde knytta det seg store forventningar til finalekampen mot Arna-Bjørnar laurdag kveld. Det vart tidleg klart at ostringane hadde bestemt seg for at også denne kampen skulle vinnast. Finaleresultatet vart 11-4 og Osterøy fekk også heilt fortent beste spelaren i finalen, med Bjarte Vik Larsen.
Sjølv med variabel motstand viste denne første skikkelege kamphelga at potensialet for vidare framgong frå i fjor absolutt er til stades. Neste helg skal 2 lag i 93-klassen forsvara æra i cupen som går på parketten i Bjørnarhallen.
Stian hadde all grunn til eit djupt bukk for å få gullet rundt halsen
Robert tok også fram smilet
Kaptein Jørgen trudde ei lita stund han hadde berre hadde fått 2.plassen
Sondre og trenarane, ser dei konsentrerte ut eller?
Sånn er reaksjonen når ting går dårleg
Der skal eg ha ballen, der!!
Her har dei øvd på å ha same uttrykket i ansiktet
Hausvik FK spelte også, og dei vann underhaldningsprisen på tribuna
Ikkje heilt på topp….
Eg SA de skulle spela til høgre, ropa Mathias til utespelarane
Hausvik stilte som heiagjeng i finalen, flott gjort av dei
Morten kom sterkare og sterkare utover kvelden, og banka inn eit par supermål
Jørgen i eit kjapt returløp