– Eg e’ kry tå deko

Trenar Frode Vevle var svært kry over innsatsen til Mathias Riple (biletet) og resten av 94-gutane i kveldens 8-delsfinale i Branncup.

 

Dei var nok litt skeptiske desse 14-åringane frå øynæ i kveld. For på motsett del av bana stod eit grønkledt Skogsvåglag som av mange vert rekna som Hordaland sitt beste. Journalisten spurte ein Osterøyspelar (som vil vera anonym) før kampen om korleis det kjem til å gå: – Klarar me å tapa med mindre enn 5 mål er eg nøgd, sa han.

Det skulle visa seg at denne karen var beskjeden. For dei gule gjekk respektlaust til verks og var på høgde med Skogsvåg gjennom store delar av kampen, og særleg i 1.omgong. Laget stod på og kjempa, og bakerst hadde keeper Mathias Riple dagen og spelte i toppklasse.

Til pause stod det 0-0 og 2-2 i corner. Laga var framleis like langt. Skogsvåg tok litt meir over etter pause men det var mållaust til like før slutt. Eit litt uheldig tilbakespel førte til at Osterøy sin keeper måtte rykka ut og felte ein Skogsvågspelar som bakerste mann. Dermed blei det straffespark. Dette sette Skogsvåg i mål bak reservekeeper Morten Vevle og laget frå Sotra vart klare for kvartfinale søndag.

Trass tap var det ein stolt gjeng som stod og tøydde ut etter kampen.
– Jammen er me gode når me tør, sa både spelarar og trenarar på denne flotte haustkvelden på Nymark-kunstgraset.

Jøran hadde god kontroll som midtstoppar i kveld.


Kort pep-talk i pausen.


Klar for 2.omg


Bjarte trong drikke etter å ha sprunge mange kilometer.


Stian gjorde ein knallkamp i kveld. Beste han har hatt i Osterøydrakt?


Christoffer sliten etter å ha jaga på topp.


Også Morten var nøgd med prestasjonen i kveld.


Anders fekk ein smell i kneet, men heldt to omgongar som ein av to 95-spelarar


Altmuligmann Morten spelte venstreback men tok over for raude Mathias.


Marius og Jøran tek i mot skryt etter kampen.


Fleire av gjengen samla. No er det fotballpause før nye utfordringar kjem til neste sesong.