KLARE FOR 4. DIVISJON

Det vart unaudsynt spanande på Hatland laurdag ettermiddag, men Osterøy kunne etterkvart sleppa jubelen laus etter at laget vann 3-2 mot Strandebarm. Dermed er det berre syltynne teoriar som kan ta frå laget opprykk til 4. divisjon.

-Utruleg herlig, jublar Osterøy-trenar Vidar Rosnes etter kampen. -No er me der me sa me skulle vera. Målet for sesongen er nådd. Det er heilt fantastisk, smiler han.

– Kampen i seg sjølv var ikkje noko stor prestasjon frå vår side, men gutane krummar nakken og kjempar på heile vegen. Resultatet var i dag mykje viktigare enn sjølve spelet. No skal dette nytast – og  JA – det blir ei lita markering i kveld, sluttar trenaren.

Osterøy tok oppskriftsmessig leiinga då Eirik Øvsthus finn Martin Dyvik på full fart nedover venstrekanten. Dyvik fyrer av frå skrått hold, og sjølv om keeper er på ballen har han ingen sjangs til å stoppa det knallharde skotet. 1-0 og full fest på tribuna.

Berre fem, seks minuttar seinare står Strandebarm klare med ei tønne kaldt vatn å helle i Osterøy sine årer. Eit frispark frå 17 meter finn vegen i mål heilt nede ved stolperota og dermed står det 1-1. Nervøsiteten sprer seg på Osterøybenken.

Det går imidlertid ikkje lang tid før Osterøy er i føringa att. Eit par minuttar før pause vert Ørjan Bysheim stoppa på ulovleg (?) vis ute på høgrekanten. Kaptein Kim Solberg server, og på bakerste stolpe stig Ole Morten Tysse til himmels og stangar inn 2-1 til ellevill jubel frå dei frammøtte. Dette var Ole Morten sin første skåring i årets 5 divisjon og den kunne ikkje vore skåra på eit viktigare tidspunkt. Osterøy går dermed til pause med 2-1 leiing.

Etter pausen bølgar det litt fram og tilbake. Osterøy klarar ikkje dominera kampen og Strandebarm er farlig frampå ved eit par høve. Likevel er det Osterøy som skårar først i denne omgangen òg. Eirik Øvsthus, som elles gjorde ein god kamp på midtbana, knallar til frå 18-20 meter. Ballen treff ein desperat Strandebarmforsvarar og dermed er keeper utspelt. 3-1 til Osterøy, og no kan vel det ikkje gå gale?

Herifrå og inn verkar kvart minutt som ein time, og betre vert det ikkje etter at Strandebarm reduserar 15 minuttar før slutt. Igjen på ein dødball.  Skal det likevel ikkje gå? Strandebarm kjører på for utlikning og presser Osterøy tilbake på bana. Dei lukkast imidlertid ikkje og når dommaren bles i fløyta eksploderer Osterøybenken og dei frammøtte tilskodarane i eit jubelbrøl.

Osterøy er attende i 4. divisjon. Gratulerer!