ATTENDE PÅ TOPPEN

Osterøy er attende på tabelltoppen etter ein komfortabel 5-1 siger borte mot Fusa i går kveld.  Heimelaget var aldri i nærleiken av å truge Vidar Rosnes sine utvalgte som gjorde som dei  ville i tussmørkre i Fusa.

RYDDA OPP I STOR STIL: Øyvind Øvsthus spelte på ny ein god kamp i Osterøy-drakta onsdag kveld. Her er han i aksjon mot Gneist 2 i vår.

-Ein bra gjennomført kamp, men me har meir å gå på, konkluderer Vidar Rosnes etter kampen. –Me har vår beste periode i første omgang og leiar 4-0 til pause. Fusa har ikkje ein einaste målsjangs. I 2. omgang slepp me oss litt nedpå. I dag slepp me unna med det, men mot vassare motsand blir me straffa for slikt, seier trenaren.

 

Tidenes raskaste?

Fusa har ikkje meir enn tatt avspark før ballen ligg i nota bak heimemålvakta. Eirik Øvsthus vinn ein hovudduell på midten og Thomas Langeland stormar gjennom forsvaret og set ballen i mål. På klokka står det ikkje for vel 20 sekund! Då var lista lagt.

 

Osterøy kontrollerer etter skåringa spelet og kjem til fleire målsjangsar utan utteljing. Bak på bana ryddar stopparparet Ronny Hansen og Øyvind Øvsthus opp i stor stil og slepp ikkje Fusa til i det heile.

 

Gode på dødball

Etter drøye 20 minuttar vert ballen slått inn over forsvaret frå høgre . På motsatt står Torbjørn Hovden som meisterleg dreg vekk ein Fusa spelar før han serverer Eirik Øvsthus på 11 meter. Han gjer ingen feil og lompar ballen i mål til 2-0 leiing. Og det stoppar ikkje med dette. Osterøy skapar mykje på dødball og på eit hjørnespark 10 minuttar seinare ruvar Ronny Hansen inne i boksen og stangar inn 3-0. På sidelinja senker skuldrene og pulsen seg.

 

Kistesnikkar’n Bysheim

Ørjan Bysheim har skåra jevnt og trutt for Osterøy denne sesongen. Etter 35 minuttar vert han spela nydeleg gjennom av Torbjørn. Åleine med keeper prøver å tre ballen i lengste hjørne, men keeper avvergar –  til assistenttrenar Heine Solbergs irritasjon. -Han har så stor fart gjennom at han berre kan springa forbi og setja ballen i det tomme målet, sukkar Solberg. – Der burde han ha skåra.

 

Fem minuttar seinare er inntrykket retta opp. Bysheim får ballen på 16-18 meter og klinkar ballen i mål via stolpen. Den berømte siste-spikaren i kista er hamra inn og kampen er i realiteten over.

 

Transportetappe

2 omgang vert på mange måtar ein transportetappe. Sjølv om trenar Rosnes sine formaningar om å ”fokusere på det me ikkje var gode på i første omgang og gjere desse tinga betre”, er det eit tammare Osterøylag som kjem på bana etter kvilda. Fusa kjem lettare til og etter 10 minuttar er reduseringa eit faktum.

 

Osterøy tar seg i nakken og spelar seg opp att og kontrollerer stort sett resten av oppgjeret. Vidar Rosnes ser sitt snitt til å kvile sentrale spelarar og tek i tur og orden ut Ørjan Bysheim, Kim Solberg, Ronny Hansen, Thomas Langeland og Torbjørn Hovden.

 

Fem minuttar før slutt vert innbyttar Aleksander Hatland lagt i bakken innanfor Fusa sin 16 meter. Straffe til Osterøy – og etter at Eirik Øvsthus allereie har brent ein straffe denne kvelden – vil Aleksander ta straffen sjølv. Sikker som banken set han ballen i mål og fastset sluttresultatet til 5-1. Eirik Øvsthus pådrog seg for øvrig sitt tredje gule for sesongen, og må stå over mot Solid førstkommande laurdag.

 

Osterøy sitt lag/Spelarbørs: Einar Gjerstad 6, Ole Morten Tysse 7, Ronny Hansen 7 (Øyvind Tønjum), Øyvind Øvsthus 6, Martin Dyvik 6, Jens Lillefosse 6, Kim Solberg 6 (Odd Idar Mjøs), Eirik Øvsthus 7, Torbjørn Hovden 7 (Aleksander Hatland), Ørjan Bysheim 6 (Heine Solberg 6), Thomas Langeland 6 (Martin Bysheim)