Bif-cup reisebrev 1

 

Onsdag 2.juli var det avreise med Tide turbuss frå Lonevåg og retning Oslo. Årets cuptur for gutelaga starta med ein flott tur over fjellet og eit blikkstille hav med "Stena Saga" til Fredrikshavn torsdag morgon. Vel framme på Thyregod fritidscenter der laga overnattar, var det ei god oppladning med bading og avslapning fram mot første kamp for Osterøy 2 mot Brande 1.

Kampen enda dessverre med tap 3-0, men eit godt kjempande Osterøylag klarte seg godt, ikkje minst takka vera banens beste, keeper Jon Carlos Mjøs.

Følg med på fleire reisebrev i helga og på www.bif-cup.dk


Asbjørn i full leik på bussen.


Frode viser seg som smiley.


Sindre ser ut som han trivst godt med busspause i Hallingdal.


Korleis skulle det gått utan Tide?


Mariann pustar i bakken etter ein hektisk jobb i matkomiteen.


Her er fotografen litt usikker på kva Stian driv med……


Viktig med god rutine


Mannamøte


Anders klar til første kamp.


Richard har godt "tak" på Roger.


Rett og slett stemning.


Kapteinen ser litt skuffa ut. Like etter eit Brande mål.


Mats i driv.


Sebastian på veg til pause.


Frode kjente ein antydning til strekk, men rekna med han var klar att fredag.


Her er det i nærheten av 18-årsgrense på bildet…..


Simen med hoftefeste….igjen???


Vegard hadde sine sjansar i kampen, men litt frustrasjon gjekk utover eit par Brandespelarar.


Glenn i første kamp.

Suveren banens beste i Osterøy 2 sin første kamp, Jon Carlos.