Jenter og Gutar01 på Valestrand

Onsdag 11. Juni var det klart for andre kampdag for 2001-modellane til Osterøy, no skulle dei visa at all treninga hadde gitt resultat! Trenarane Johnny og Reidar hadde delt opp i 3 lag sidan det var 3 kampar som skulle spelast.

 

KAMP 1
Første kampen var mot Haus og på dette laget spelte; Jonathan i mål, Eirik, Andreas B, Jan Morten, Daniel og Vetle. Her viste gutane at dei hadde øvt seg på tackling, skyting på mål og hadde stor innsats. Dette gav resultat og Osterøy gjekk opp i 1-0 leiing etter ei flott scoring av Andreas Neu Beckstrøm! Etter ei stund utlikna Haus og til pause stod det 1-1. I 2. omgang fall konsentrasjon og kreftene litt, så stillinga vart til slutt 1-7 til Haus.

Andreas og Vetle fossar framover mot Hausmålet

Mange tilskodarar på sidelinja.

Jonathan gjorde ein kjempeinnsats i mål


KAMP 2
Etter ei stund venting med handling i kiosken etc var det jentene sin tur. I dag var det 5 jenter som ville visa Haus at dei hadde vorte betre enn sist gong, den gongen endte kampen med 18-0 i Haus sin favør. Jentene som var med denne gongen var; Tiril i mål, Martine K, Ingvild, Benedikte og Nora. Og her fekk Hausjentene seg ein stor overraskelse, for på dei få vekene som har gått sidan sist kamp har utviklinga vore enorm! Jentene kjempa og jobba heile kampen og var nær ved å få mål fleire gongar, men Hausjentene var litt meir heldige og klarte å plassera to ballar bak vår gode keeper Tiril. Ein kjempeflott innsats av alle jentene!

Ingvild, Nora og Martine klar til innsats

Litt ”peptalk” frå Johnnyen i pausen

Vår superdupre keeper Tiril

Takk for kampen!Neste gong slår me dekå!

KAMP 3
Til slutt var det resten av gutane som skulle i elden, denne gongen mot Valestrand/Hjellvik. På dette laget spelte; Herman, Stian, Even, Snorre, Jonathan og Andreas. Her var også innsatsen upåklagelig, fullt kjør heile kampen og ballen var berre centimeter frå å trilla over mållinja til Valestrand/Hjellvik fleire gongar til stor jubel frå ivrige foreldre på sidelinja. Gutane dribla, tackla og skaut, men det vart til slutt Valestrand/Hjellvik som gjekk av bana med 2-0 seier.

Ein flott fotballkveld for dei yngste Osterøyspelarane og veldig kjekt for oss på sidelinja å sjå den flotte utviklinga som er skjedd på nokre få veker, me gler oss til haustsesongen!

Mange som er klar til å ta imot ballen frå Jonathan.

SÅÅÅÅ nær mål var dei fleire gongar.

Ynskjer alle ein flott sommar, siste treningsdag før ferien er tysdag 24. Juni, oppstart til hausten er tysdag 12. August.