ĢNær, men ingen sigarģ


Osterøy var nær sin første tre-poengar i heimemøte med Apollo, men gjestane si sisteskanse ville det annleis. -Apollo sin keeper leverte ein match-vinnar innsats i dag, kommenterte Osterøy-stoppar Stein Erik Kollvangsnes då han luska av bana etter 0-0 kampen fredag.

Det var ikkje stor forskjell på laga reint spelemessig i vårsola på Hatland denne fredagen. Likevel er nok Apollo mest nøgd med resultatet. Osterøy vann nemleg sjangsestatistikken med klar margin.

Den første omgangen var prega av ein del upresist spel og kjemping på midtbana. Det vart ikkje skapa særleg med målsjangsar i nokon ende av bana. Apollo hadde ein farleg dødball som spratt av tverrliggaren bak ein utspela Einar Gjerstad i Osterøy buret, medan Stein Erik Kollvangsnes burde putta på ein corner for Osterøy. Serven frå kaptein Kim Solberg vart stussa perfekt av Øyvind Tysse. Kollvangsnes breidsida ballen mot mål, men ein Apollo-forsvarar fekk avverga på streken. Nærare kom ikkje Osterøy i denne omgangen. Ein strek i rekninga var det òg at stopparbauta Ronny Hansen måtte kasta inn handklede ette eit knapt kvarter.

NESTEN: Øyvind Tysse (bildet til høgre) stussar perfekt ein corner frå Kim Solberg. Stein Erik Kollvangsnes (på bildet til venstre) gjer alt rett, men vert nekta scoring av velplassert Apollo-back.

Andre omgang tok Osterøy kommandoen og spelte seg til fleire sjangsar både ved Øyvind Tysse og Thomas Langeland, men ingen av dei klarte å lura ballen bak ein god Apollo-keeper. Kanskje var det saknet av fjorårets toppscorar Ørjan Bysheim så gjorde seg gjeldande i antall misbrukte sjangsar. Han tråkka over på treninga torsdag og var difor ikkje aktuell til heimepremieren.  Kampen ebba ut med 0-0 og Osterøy er med dette framleis på jakt etter sesongens første "full pott".

-Det er klart eg er skuffa, seier trenar Vidar Rosnes etter kampen. -Spesielt slik kampen utvikla seg i løpet av 2. omgang. Då skaper me mange sjangsar, samstundes som me ikkje slepp Apollo til framfor vårt eige mål. Det vart litt som i sesongpremieren mot Kjøkkelvik; me produserer nok til å vinna kampen klart, men er ikkje dyktige nok i avslutningsfasen, sluttar Rosnes.

Elles kan nemnast at Kim Solberg av ein jury på Hatland vart kåra til "Dagens Ostring" og at Jens Lillefosse overtydde på høgre back.

Osterøy sitt lag: Einar Gjerstad, Stein Erik Kollvangsnes, Andreas Kollvangsnes, Ronny Hansen (Øyvind Tønjum 15 min (Heine Solberg 80 min)), Martin Dyvik, Jens Lillefosse, Øyvind Øvsthus, Kim Solberg, Joachim B Solberg, Øyvind Tysse og Thomas Langeland. Ubenyttet reserve: Steffen Gjøstein, Remi Markussen.