SERIESTART!!

Søndag brakar alvoret laust for Osterøy som sesongopnar borte mot Kjøkkelvik. Kampen, som har avspark kl. 20.00 på søndag, skal grunna anleggsproblematikk spelast på Vadmyra Kunstgress.

-Skal bli godt å endeleg komma i gong, seier trenar Vidar Rosnes som må avsjå fleire profilar første seriekamp grunna sjukdom.  – Øyvind Øvshus, Øyvind Tysse, Ole Morten Tysse og Odd Idar Mjøs ligg alle febersjuke, eller er på veg tilbake etter sjukdom. Jens Lillefosse er ute med ein skranten ankel og forsvarsklippa Ronny Hansen er òg usikker, fortvilar Rosnes.  Remi Markussen, Steffen Gjøstein og Eirik Øvsthus er heller ikkje tilgjengelege for osterøy-trenaren denne helga.

 

-Lyset i enden av tunnelen er at veteran Stein Erik Kollvangsnes har trent for fullt denne veka. Hans rutine kan bli viktig søndag i og med at me har så mange ute, seier Rosnes som kryssar fingrane for at i alle fall Øyvind og Øyvind blir friske i tide til søndag.  – Øyvind Tysse er ei viktig brikke i vårt angrepsspel og Øvsthus er ei potet av dei sjeldne. Rekk dei kampen òg ser det straks litt lysare ut, avsluttar Rosnes

 

Osteroyil.no tippar følgande lagoppstilling søndag:  Einar Gjerstad, Stein Erik Kollvangsnes, Andreas Kollvangsnes, Øyvind Øvsthus, Martin Dyvik, Thomas Langeland,  Kim Solberg, Kristian Daltveit, Joachim Borge Solberg, Ørjan Bysheim, Øvind Tysse.

Aktivitetar

Osterøy på Tvers 1.6.2024
Start Bruvik og mål Hosanger
25 mar
Open trening TURN
Osterøyhallen
07 mai
Ekstraordinært Årsmøte
Osterøy IL Klubbhus
18 mai
24 mai