5 lag til Åsane Cup

Til helga går Åsane Cup for aldersfastsette lag av stabelen i Vestlandshallen. Osterøy IL stiller med ikkje mindre enn 5 lag i den årvisse turneringa.


PREMIAR: Alle er vinnarar under Åsane Cup til helga.

-Me stiller med 2 lag i G98, 2 lag i G99, 2 lag i G2000 og eit lag i J2000, fortel Stein Evensen til osteroyil.no.  Evensen er følgjer fleire av laga som laurdag set kursen for handlebydelen.

– Eg gler meg sikkert like mykje som ungane, smiler han. – Me var med på ei tilsvarande turnering i samme hall i desember i fjor. Spelegleda reflekterer ungane si trivnad; dei storkosar seg på krøllgraset i Vestlandshallen, legg han til.

I tillegg til å ha det gøy gjer gjengen frå Osterøy det godt i slike turneringar. -Dei eldste gutane vann alle sine kampar i forrige turnering, seier Evensen. – Eg vart nesten litt rørt over prestasjonane. Det lovar godt for klubben på sikt, fortset han. -På dette nivået er uansett alle vinnarar. Det viktigaste er å spinge ut på bana og ha det kjekt med ball, avsluttar Evensen

GODE RESULTAT: Osterøy sine Gutar 1998 på veg av bana etter nok ein god kamp.


KAMPOPPSETT:

 

LØRDAG 8. MARS

Gutar 2000

Kl. 08.57: Eidsvåg Drage  – Osterøy 1

Kl. 10.01: Osterøy 1 – Mathopen Gul

Kl. 11.05: Bergen Nord Tipp – Osterøy 1

Kl. 11.37: Osterøy 2  – Åsane Lom

Kl. 12.41: Osterøy 2 – Eidsvåg Puma

Kl. 13.45: Baune England – Osterøy 2

 

Jenter 2000

Kl. 08.57: Osterøy 3 – Mathopen

Kl. 10.01: Bergen Nord Hetti – Osterøy 3

Kl. 11.05: Bergen Nord  Netti- Osterøy 3

 

SØNDAG 9. MARS

Gutar1998

Kl. 14.49: Osterøy 2  – Åsane Puma Rød

Kl. 15.53: Fri – Osterøy 2

Kl.16.57: Bergen Nord Guffen – Osterøy 2

 

Gutar 1999

Kl. 08.25: Åsane Ravn Blå – Osterøy 1

Kl. 08.57: Åsane Ravn Rød – Osterøy 2

Kl. 09.29: Gneist Leopard Rød – Osterøy 1

Kl. 10.01: Gneist Løve – Osterøy 2

Kl. 10.33: Bergen Nord Donald – Osterøy 1

Kl. 11.05: Bergen Nord Mikke – Osterøy 2

 

SØNDAG 16. MARS

Gutar 1998

Kl. 12.28: Osterøy 1 – Bergen Nord Guffen

Kl. 13.34: Osterøy 1 – Jerv

Kl. 14.50: Åsane Puma Blå – Osterøy 1

 

 

Aktivitetar

Open trening TURN
Osterøyhallen
07 mai
14 jun