Siger i Salhus – OPPDATERT

Det vart siger i sesongens 2. treningskamp for Osterøy. Salhus-laget Bergen Nord 2 vart sett på plass med 5-2. – Ei grei gjennomkøyring, seier trenar Rosnes

 

Osterøy, som eksperimentert litt med ein 4-3-3 formasjon, kom godt i gong og etter  ein halv time sto det allereie 3-0 til dei gul-grøne. Skåringar av Ørjan Bysheim, ein influensasjuk Thomas Langeland og  eit sjeldant mål av kaptein Kim Solberg  gjorde at optimismen regjerte på osterøybenken når det nærma seg halvspelt. Fem minutt før pause klarar Bergen Nord 2 likevel å få ballen bak sisteskanse Einar Gjerstad, slik at det står 3-1 til gjestane ved pause.

 

 – Eg er relativt nøgd med første omgang, kommenterer Rosnes på veg i garderoben. – Unødvendig å sleppa inn mål på tampen, men me kontrollerer kampen og spelar tidvis god fotball.

Gufs frå bak Jernteppet
Pausen vert, av dei tilreisande frå Osterøy, brukt til å fundera på om flomlyset nokon gong skulle komma på i trikotasjebygda. Andre omgang, som skulle starta kl 18.00, vart utsett med 20 min i påvente av illuminerte forhold. Eit ikkje ukjent "triks" nytta i handballsamanhang bak Jernteppet for å få motstandaren ut av fatning.

– Me vart fortalt at lyset skulle komma på av seg sjølv kl 18.00, seier Rosnes. – Då klokka vart 10 over og det framleis ikkje hadde skjedd noko, var det eit ”lyst hovud” hjå heimelaget som tok tak i situasjonen og fekk ordna opp. Pausen vart på heile 35 min, flirer Rosnes. – Sikkert vanleg prosedyre når dei ligg under.

 

Labert

Andre omgang byrja frykteleg dårleg for Osterøy.  Laget fekk lite til, og slapp Bergen Nord meir og meir inn i kampen. Etter 10 minuttars spel bles heimelaget liv i kampen att med 3-2 redusering, noko Osterøy-trenaren slett ikkje var fornøyd med. – Me flyttar ikkje beina fort nok. Første kvarteret av omgangen var så laber at me like gjerne kunne vore heime.

 

Klasse skåring

Etterkvart som omgangen skrir fram, spelar Osterøy seg varme igjen etter den lange pausen. Balltempo aukar, Øyvind Tysse herjar og spelar på seg irriterte heimeforsvararar. Etter halvspela omgang vert nevnte Tysse spela flott gjennom. Han klinkar ballen i nærmaste kryss og Osterøy er attende i førarsetet.  Ei vakker skåring av den heimvendte sonen.

 

Like etter har Ørjan Bysheim eit skot i stolpen. – Det var det tredje stolpeskuddet i dag, seier Rosnes lettare oppgitt.

 

Festar grepet

Osterøy festar etterkvart grep om kampen utan å spele ut vertane frå 6. divisjon, som spelar seg fram til eit par sjangsar dei òg.  Tysse vert spela gjennom at, men misser åleine med keeper. –Hadde me vore meir oppmerksame kunne me spelt Øyvind og Ørjan gjennom slik heile tida, fortvilar Rosnes. –Dei ligg og vakar kampen gjennom, men gjennombrotspasningane kjem ikkje så ofte som dei burde.

 

Etter ein halvt  time er det veteran Odd Idar Mjøs som får æra av å fastsette sluttresultatet etter fine Osterøy-kombinasjonar. Igjen er det Tysse som vert spela gjennom – denne gong av Mjøs. I kamp med keeper og stoppar får han etterkvart breisida ballen til ein framstormande Martin Dyvik, som set ballen i stolpen.  Returen havnar hos Mjøs, som avsluttar angrepet han starta med å dunka ballen i nota til 3 måls-leiing. Kampen ebbar etterkvart ut med 5-2 til Osterøy.

 

-Grei gjennomkøyring, men me må luka vekk ein del smårusk. Me hadde blitt straffa hardare mot betre motstand, oppsumerer Rosnes etter kampen.

 

Osterøy sitt lag: Einar Gjerstad, Ole Morten Tysse, Stein Erik Kollvangsnes, Ronny Hansen, Martin Dyvik (Heine Solberg 80. Min) , Joachim Solberg, Kim Solberg (k), Jens Lillefosse (Steffen Gjøstein 67 min), Thomas Langeland (Odd Idar Mjøs 45.min), Ørjan Bysheim og Øyvind Tysse.