Forsterkningar på plass

Osterøy tar mål av seg å ta steget opp att i 4. divisjon etter inneverande sesong. Kontinuitet i spelargruppa og tre nye fjes på treningsfeltet gjer at optimismen rår i Osterøy-leiren

 



TRE FORSTERKNINGAR:Ronny Hansen (t.v), Eirik Øvsthus og Øyvind Tysse vert alle å finna i Osterøy-drakta denne sesongen. – Optimismen i gruppa er stor, seier Øvsthus.

-Me har den samme stamma i spelargruppa som me har hatt dei siste sesongane, seier trenar Vidar Rosnes til osteroyil.no. – Samstundes som me har blitt eit år eldre har me fått på plass tre forsterkningar før årets sesong. Dette gjer at eg er meir optimist i år enn på lenge.

 

To opprykk på to sesongar?

Eirik Øvsthus, Øyvind Tysse og Ronny Hansen har alle takka ja til å aksla den gule og grønne Osterøy-trøya i 2008. Eirik Øvsthus har dei to siste sesongane spela for Haus. No melder han seg til teneste for Osterøy.

 

– Me har ein svært god tone i spelar gruppa om dagen, seier Øvsthus. Alle gir 100% og ønskjer å prestere. Det lovar godt for inneverande sesong, seier midtbanekrigaren som etter alle solemerkjer vil danna ein hardtslåande sentral midtbaneduo saman med kaptein Kim Solberg.

 

I fjor vart det opprykk på Øvsthus og Haus. Går alt etter planen kan den tidlegare Voss FBK spelaren bokføra sitt andre opprykk på rad. – Han vil i alle fall verta ein viktig bidragsytar, kommenterer Rosnes.

 

Heimatt til ”Øynæ”

I tillegg til Eirik Øvsthus vert midtbana forsterka med Øyvind Tysse som i fjor var å finna i Hovding sine rekkjer. Når både bustad og arbeid var å finna heime på Osterøy, var det ikkje anna å gjere enn å komme ”heimatt”.

 

– Tysse, som kan spele på begge kantar på midtbana, tilfører laget fart og teknikk. Eg har store forventningar til han i år, seier Osterøy-trenaren.

 

Forsvarsklippe

Siste mann i trekløveret er ein gammal kjenning for Osterøy-publikumet. Ronny Hansen, som tidlegare har spela i klubben, har etter eit par kvile år bestemt seg for å komma attende.

 

-Eg er glad for at Ronny bestemte seg for å vera med å satsa i år. Han tilfører oss luftstyrke me har mangla, og vil verta ei klippe i forsvaret vår, smiler Rosnes.

 

– Eg er eigentleg med for å bli avbilda på nettsidene, ler Hansen som noko motviljug poserer saman med Øvsthus og Tysse. – Kunne me ikkje tatt bilde før trening, undrast Tysse. Då såg eg i det minste nokonlunde ut på håret