Gutta på tur

 

For tredje året på rad reiste Gutar-94 til Lærdal på cup.
Ekstra spennande var det i år då dei skulle spela 11-ar fotball og cup-spel. Gutane hadde kampar både fredag, laurdag og søndag. I pulje med sterke og gode lag, m.a Løv Ham og Skogsvåg fekk gutane mykje å bryna seg på. Mykje godt spel, fine scoringar, knallgode redningar av keeper, Mathias og ein flott laginnsats gjorde at gutane kom heilt til semifinalen. Så det er all grunn til å vera fornøgd!!!!


”Som vanleg” budde heile laget saman på skulen. Og frå oss tre vaksne som budde på gangen, er det berre skryt og gode ord å melda. Det er nokre kjekke og positive gutar som heilt tydeleg trivst godt saman. Det var kjekt å kunne styra litt på eiga hand, men det var nok nokon som kunne tenkt at ”mutter`n” kom når det var tid for å rydda klasserommet…..

Anne Marit Hartveit-Øyvind Litland-Frode Vevle-Roger Langeland