Stadionbygg-fest
Ombygginga av klubbhuset er (nesten) heilt ferdig!
Onsdag 2. mai var visning og samling for dei som har vore med dugnaden.
Bygdanytt var og på plass og fekk med seg fakta om rehabilitering og oppussing av Osterøy Stadionbygg.
I hovedsalen i 2. etasje er det kjøpt inn nye bord og stolar. Nytt golvbelegg er det og i heile 2. etasje. Festlokale og fasiliteter til 60 personer. Velutstyrt kjøkken.
bilde frå ombyggingsarbeid
Geir Kleppe har vore med og organisert dugnadsarbeidet. Speakarbua er klar til bruk.

Glassvegg inn til tidtakarrom

Utsikt frå tidtakarrom

Utsikt frå tidtakarrom

Tidtakarrom

I kjellaren er det m.a. installert ny beredar

Inngang til arkivrom (t.v.) og vaskerom (t.h.)

Ny varmestove der det tidlegare var "dusj/garderobe"

Ny varmestova

Varmestova

I lagerdelen er det m.a. montert ein skikkeleg arbeidsbenk

Det gamle lageret skal det innredast til fotballutstyr

Det nye lageret har plass til slåtteutstyr for grasbana og ymse friidrettsutstyr

I lagerdelen pågår opprydding.

Under terassen er det montert plater slik at området kan brukast til lager av m.a. hekkar i sumarsesongen

Skikkeleg tidtakar- og speakarplass har vore eit stort sakn

frå kjøkkenet i 2. etasje

Det er plass til ca 60 personar i salen i 2. etasje

Litt arbeid står att, men alt skal vera klar til m.a. NM i banestafettar 26. og 27. mai.
