3-poengar’n sat veldig langt inne

 

Osterøy spelte store delar av kampen 11 mot 10 etter at ein Tertnes spelar fekk direkte raudt kort etter ei svært stygg nedsparking av Tommy Kårdal. Ein skulle då tru at Osterøy enkelt skulle styra kampen, men slik gjekk det ikkje.

Rett nok fekk bortelaget 1-0 etter ein flott corner av Martin Dyvik inn til Glenn Olsnes om heada den klokkereint i krysset frå sin posisjon på hjørnet av 5-meteren.

Finspel vart det lite av og temposvake gultrøyer imponerte ingen. Etter pause betra det seg. Det hagla til tider med 100% sjansar rundt øyrene til Tertnes-keeperen. Men det som ofta kan skje…. Eit sovande Osterøyforsvar slapp Tertnes til og dei scora eit flott og enkelt mål.

Rettferdighet vart det på overtid. Daniel Fossbakken la ein flott corner som vart stussa inne i feltet. Der dukka Joachim Borge Solberg ("milslukaren") opp og dytta ballen over streken. Det må nok meir glød til for å kjempa i toppen av tabellen!

Ein uoffisiell jury kåra banens beste likt mellom to i 91-årgangen:
1. Roger Husebø for imponerande og bunnsolid spel på høgre back og flanke.
1. Martin Dyvik for sine tallause raid på venstresida utover i 2.omgong.

Osterøy sitt lag: Hans Ole Daltveit, Roger Husebø, Daniel Tennebekk, Glenn Olsnes, Mats Hatland, Martin Aasheim, Joachim Borge Solnerg, Daniel Fossbakken, Martin Dyvik, Tommy Kårdal, Heine Lohne. Nytta innbytarar: Steffen Gjøstein, Bård Solberg, Øyvind Tønjum, Ole Kristian Svardal, Thomas Langeland.