Seier mot Hausvik FK

 

På ei tørr og strøken grusbane hadde juniorlaget til Osterøy sin første treningskamp for sesongen. Etter ein hårreisande start med ein altfor enkel 1-0 scoring imot etter berre eit par minutt kom det seg utover i kampen.

Tommy Kårdal utlikna til 1-1 etter at han dukka opp på første stolpe og breisida ballen i mål. Men målet var nesten like mykje Øyvind Tønjum sitt. Etter eit fantastisk raid opp langs sida slo han eit godt innlegg til Tommy.

Lite sjansar prega kampen men i 2.omgong fekk Osterøy straffe etter at Thomas Langeland vart felt av Åge Bruvik. Martin Dyvik fekk æra av å setja inn vinnarmålet.

Osterøy sin beste var Thomas Hole.

Aktivitetar

Årsmøte i Osterøy IL 17.mars kl. 18.00
Osterøy IL Stadionbygg / Klubbhus
17 Mar
HTB Valestrandsmarka Rundt
Furubakken idrettsplass, Valestrandsfossen kl.18,45 og kl. 19,00
10 Apr