Osterøy nærmar seg VHFK

 

Torsdag 22.02 var det tredje oppgjer mellom fjerde og femtedivisjon, VHFK og Osterøy IL. Etter tidlegare klare tap, iallefall resultatmessig var det langt jamnare denne gongen.

Sluttresultatet vart 2-2 og det kunne lett stått 3-2 fordel Osterøy om ikkje dei feilaktig hadde vorte frådømt eit mål.

Thomas Langeland var berre ein av dei som imponerte denne gongen i si offensive rolle. Glenn Olsnes står framleis fram som eit klart førsteval på stopparplass. Ifølgje rapportane spelte også Øyvind Øvsthus og Heine Solberg ein solid på kunstgraset på Furubakken.

Ein kan vel så smått byrja å gle seg til seriestart i midten på april…….