Kunstgrasbana i Fugledalen førehandsgodkjent

 

På heradsstyremøtet i dag vart endeleg planane om førehandsgodkjenning av kunstgrasbana i Fugledalen gjort. Vedtaket var samrøystes og slutta seg til innstillinga frå rådmannen som er sitert under.

”Heradstyret er innstilt på å prioritera prosjektet kunstgrasbane i Fugledalen (avlastingsbane Osterøy stadion), når godkjend reguleringsplan og anleggsplan ligg føre.”

Ei slikt vedtak er til stor hjelp for å få fortgong i prosessen. Det har tidlegare vore formelle hinder i vegen for realisering, no er desse på det næraste fjerna og Osterøy IL kan starta byggjearbeidet no når alle interne vedtak kan gjerast.

Aktivitetar

Årsmøte i Osterøy IL 17.mars kl. 18.00
Osterøy IL Stadionbygg / Klubbhus
17 Mar
HTB Valestrandsmarka Rundt
Furubakken idrettsplass, Valestrandsfossen kl.18,45 og kl. 19,00
10 Apr