Ski

Lysløypecup

Sammenlagt resultatene for lysløypecuppen er nå endelig klare. Og om ikkje så lenge blir det premieutdelingen også. Ca 90 små og store har vert med på 1 eller fleire av dei 4 renna som er arrangert. Resultatene finner du her.

Les mer Stafettlag til Ulvikasprinten

Desse laga stiller Osterøy med på Ulvikasprinten.

G15-16
1. lag  1.Lars B Reigstad   2. Anders Flæsland
2. lag  1.Glenn Torgersen  2. Eirik B Mjelde
3. lag  1.Torbjørn Hovden  2. Trygve B Reigstad
4. lag  1. Vegard Aasheim  2. Emil Hosøy

G13-14
1. lag   1.Ola B Reigstad    2. Magnus B Reigstad
2. lag   1.Ole M Veseth      2. Trygve F Mjelde

G11-12
1. Øyvind B Mjelde  2. Sigurd B Reigstad

Les mer Vestlanske Skistemna

Vetslandske skistemna vart arrangert på Drevtjørn Skisenter i Ulvik, lørdag 24/3. Rennet gjekk i fristil og Osterøy hadde mange løparar til start. Sigurd B Reigstad vart beste ostring denne dagen og gjekk inn til ein flott 2. plass som han har hatt mangen av denne sesongen.

Les mer Mykje spenning i Ørnarstafetten/KM-stafett

Osterøy IL sitt førstelag gjekk inn til Sølvplass i G 13-16.

Det var mykje spenning under Ørnarstafetten som også var KM-stafett. Spesiellt i guttar 13-16 år var det mykje action og spanande spurtar.  1. laget til Osterøy låg likt med Voss på første veksling og dei hadde ei lita luke bak til resten. Men på 2. etappe gjekk trettenåringen Magnus B Reigstad på førstelaget. Han gjekk ein god etappe men dei store 15 åringane vart litt for sterke og ved andre veksling var stillinga slik, 1.Voss, 2.Osterøy 2 og Osterøy 1 på tredje plass. Men på tredje etappe fekk Trygve B Reigstad  kjenne mjølkesyra på slutten og Lars B Reigstad på førstelaget spurtslo han på slutten. Så til slutt fekk Osterøy bade Sølv og Bronse i den klassen.

Les mer Årsmelding Skigruppa 2006

HER kan de sjå årsmeldinga for Skigruppa 2006

Les mer Hovedlandsrennet 2007

129 lag til start i gutteklassen på stafetten, og det vart mykje kaos i 1. veksling.

Hovedlandsrennet for 15 og 16 år vart arrangert i Steinkjer 2-4. Mars, i eit kjempever. Fredagen var det klassisk sprint og lørdag var det 5 og 7,5 km fristil. På avreisedagen søndag var det stafett som stod på programmet, i gutteklassen var det heile 129 lag til start og Osterøy hadde 4 av dei. Dei sju ostringane gjorde det bra og Eirik B Mjelde var den som fekk best plassering med 119. plass på 5 km  fristil i G15. Anders Flæsland gjekk inn til 120. og 122 plass individuelt og 40. plass på Hordaland sitt 2. lag i stafett.

Les mer Hovedlandsrennet i Steinkjer

Hovedlandsrennet i Steinkjer.

Les mer Siste nytt frå Hovedlandsrennet i Steinkjer

Torsdag morgon var 7 løparar og 2 ledarar frå Osterøy klare på Flesland for å fly til Trondheim. Flyturen gjekk fint og etter ein busstur frå Trondheim til Steinkjer sjekka me inn på hotellet. Etter dette gjekk turen straks til skistadion for å prøve sprintløypene som skal nyttast i morgon. Alle var fornøyde med løypene og dei sju løparane er no veldig spente for morgondagen. Men dei 2 smørjarane som har ansvaret for skia er sikkert minst like spente. Dei har i dag jobba i ca. 5 timar og då er berre halve jobben gjort. Det er ca. 900 løparar til start i morgon og dette fører til at Osterøyløparane startar med store mellomrom . Men resultata vil verte lagt ut så fort som mulig og for dei som er spesiellt interreserte kan de følgja sprinten "LIVE" på http://www.hint.no/webtv/t-a.no/hovedlandsrennet/.
Dei første Ostringane startar ca. kl 1300.  
  Dei to lagledarane har glida ca. 15 par ski i dag.

Les mer Lysløypecup

Fjerde renn i lysløypecupen vart arrangert på Rolland onsdag 28. Februar. Ca 30 små og store stilte til start. Sjå resultata her.

Les mer Mange gode resultat i Vargarrennet

Trygve Fedje Mjelde i fint driv opp ein av bakkane.

Søndag vart Vargarrennet arrangert i Bordalen på Voss. Været var kjempeflott og løypene var  brukbare men litt laust nokon stader. Rennet gjekk i klassisk stil og på grunn av føret var det litt smørreproblemer, men etter ca. 20 testingar av ski traff me endelig. Osterøy hadde heile 6 løparar på pallen denne dagen og Anders Flæsland(G16) tok sin andre seier på to helger. Storløparen Sigurd B Reigstad(G11) gjekk inn til ein flott 2. plass. Øyvind B Mjelde gjekk og inn til delt 3.plass i G12. 

Les mer