Bif-cup 2009

BIF-CUP 2009
Those were the days….

Onsdag 1.juli

Turen starta som vanleg i ein Tidebuss frå Lonevåg om føremiddagen. I år utgjorde troppen totalt 38 stk 28 spelarar og 10 vaksne. Første etappen var kort berre til byn og ombord i MS Bergensfjord og tur til Hirtshals. Det var knapt ei bølgje å sjå og det danske mannskapet tok vel vare på gjengen med god mat og fortryllande underhaldning.

Torsdag 2.juli

Ein ganske så opplagt gjeng såg utover eit noko tåkete Nord Jylland om morgonen. Det var vel ikkje slik veret skulle verta??? 17 grader var derimot perfekt til å nyta innandørs på bussen og reiseleiar Tore drog i gong ein film frå det rikhaldige utvalet. Først ut var Frihetens regn toppfilmen på www.imdb.com . Etter nokre timar langs danske motorvegar svinga me av mot Brande. Om det var GPS-dama som svikta eller kartlesaren i guidestolen veit ingen men nokre begynte å verta svært tvilande til opplegget når vegen vart smalare og smalare og me til slutt hamna bak eit følgje med hest og kjerre…..

Lukka stod den kjekke bi og plutseleg dukka eit solfylt Brande opp i 12-tida. Spelarane var ute og sjekka forholda og dei var godkjente. Grønfargen på banene varierte sidan det hadde vore smått med regn i området den siste tida. Etter litt handling av matvarer bar det av garde mot Center Thyregod. Knappe 20 minuttar med køyring kan alle tåla når ein får slik standard på overnattinga.

Litt mat måtte i kroppen først og så måtte det flotte nærområdet rundt sportssenteret måtte sjekkast ut. Kviling måtte også til utover ettermiddagen før alvoret og kampane tok til.

Gryterett med fullt tilbehør var dagens rett perfekt føde for ballspelande ostringar eit par timar før kamp.

19.45 var Bif-cup 2009 i gong for øyningane sin del. Den første av heile 7 kampar…..